François Barraud, (), var ein sveitsisk kunstmålar. Bileta hans verta rekna til kunstretninga Neue Sachlichkeit (ny saklegdom).

mini|venstre|'Atelieret', 1928 mini|'Pløying', 1929

Liv og gjerning Barraud var fødd i La Chaux-de-Fonds. I yngre år gjekk han i lære for å verte målar og gipsarbeidar. Han gjekk i 1911 eit kveldskurs i teikning og modellering på ein skule i heimbyen, og livnærte seg det neste tiåret som handverkar. I 1922 arbeidde han i Reims i Frankrike. Han heldt si første kunstutstilling i heimbyen i 1919, same året deltok han på ei nasjonal utstilling i Basel. År 1924 reiste han til Paris for å studere kunst i Louvre. Dei neste åra måla han ei rekke stilleben og bilete av menneske, mellom anna laga han fleire dobbelportrett av seg sjølv og kona si. Hans presise, realistiske stil med bruk av detaljerte teikningar og klare, jamne fargar utvikla seg under påverknad frå gamle flamske og franske meistrar som han hadde studert ved Louvre.

Barraud var plaga med sjukdom heile sitt vaksne liv. Han slo seg ned i Genève i 1931. Der døydde han av tuberkulose tre år seinare, knapt 35 år gammal.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Francois Barraud» frå , den 13. august 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sveitsiske målarar