mini|Filmplakat for California Joe frå 1943. Western er ein sjanger av filmar og forteljingar som tek for seg livet i det ville vesten i Nord-Amerika. Handlinga er som regel henta i frå 1800-talet då kjende bandittar som Butch Cassidy, Sundance Kid, Daltonbrørne, Frank og Jesse James og Billy the Kid regjerte i vesten. Filmane, som kan kallast western- eller cowboyfilmar, tek som regel for seg dagleglivet til ein cowboy eller dei lovlause.
Western som filmsjanger har hatt fleire stordomsperiodar; seinst på 1960- og 70-talet med blant anna filmane til Sergio Leone. Leone-filmane er døme på undersjangeren «spaghetti-western», som har fått det namnet fordi filmane vart regissert av italienske regissørar og ofte hadde italienske skodespelarar. Ein skilnad mellom spaghetti-western og eldre amerikansk westernfilm er at handlinga er meir brutal og valdsam i spaghetti-western og den litt alternative filmmusikken som blant anna komponisten Ennio Morricone står for.
Western har utvikla seg gjennom åra, tek ein filmar frå 1930- og 1940-talet har song ei stor tyding i filmen. Dette er songar som vart teke i bruk av cowboyar til song rundt leirbål. Denne forma for song har fått eit eige namn som blir kalla hesteopera.
Fram til 1960-talet var western òg ein populær sjanger innanfor underhaldningslitteraturen. Ein sein, norsk utløpar av denne tradisjonen er Louis Masterson sine bøker om Morgan Kane.
Kjende filmar Den gode, den onde og den grusomme (originalt The Good, the Bad, and the Ugly) For en neve dollar (orginalt A Fistful of Dollars) For en neve doller mer (originalt For a Few Dollars More) Ondt blod i vesten (originalt Once upon a Time in the West) Sheriffen (originaltittel: High Noon) A Fistful of Dynamite El Dorado Rio Grande Roy Rogers ordner opp (originaltittel: The Yellow Rose of Texas) The Last Days of Frank and Jesse James
Kjende westernskodespelarar
Clint Eastwood Lee van Cleef Roy Rogers Tex Ritter John Wayne Bud Spencer Terence Hill Gene Autry James Arness
Sjå òg Spaghetti-western Ostern
Kategori:Filmsjangrar