Svein Bakke () var ein norsk fotballspelar og idrettsleiar. Han var i alle år angrepsspelar, nærast ein indreløpar.
Bakke spelte for Sogndal IL frå 1971 til 1973 og frå 1975 til 1990. 1974-sesongen spelte han for Eidsvold Turn i 2. divisjon. Bakke var sentral då Sogndal i 1976 kom til cupfinalen mot Brann, og rykte opp til 1. divisjon. I semifinalen, då Sogndal slo Steinkjer 3-1 på Guldbergaunet, skåra han alle Sogndal sine mål. Bakke spelte 514 kampar for Sogndal og skåra 321 mål.
Bakke var sportsleg leiar og sportsdirektør i Sogndal Fotball fram til 2005. Han hadde i 1999 eit kortvarig engasjement i den engelske fotballklubben Wimbledon.
Han var far til Eirik Bakke.
Tid som aktiv
KlubbKamper*Mål*Periode Sogndal5143211971-1990
Kjelder Bokmålswikipedia Sportsboken. 1976
Kategori:Sogndal-spelarar