Winterthur er ein by i Sveits i kantonen Zürich, 20 km nordaust for Zürich. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Byen er den sjette største i landet.
Winterthur er ein industriby med maskinindustri, kjemisk industri, produksjon av keramiske produkt og bomullstekstil og ein lokomotivfabrikk. Han er sete i Europa for det amerikanske medisinfirmaet Zimmer og for fleire firma i høgteknologibransjen. Byen er eit viktig handels- og finanssenter med hovudkontor for fleire bankar og forsikringsselskap.
Byen har fleire museum med internasjonal rang, som kunstsamlinga Stiftung Oskar Reinhart.
Byen er eit veg- og jernbaneknutepunkt og har felles flyplass med Zürich, Kloten lufthamn. Technikum er den viktigaste tekniske høgskulen i Sveits. Hovudkyrkja St. Laurenz er bygd 1264–1515. Her finst òg eit vakkert rådhus (1781–83).
Region Winterthur er i sterk utvikling. Ifølge statistikarane vil han i dei neste 25 åra oppvise den største folkeveksten i Sveits.
Kjende folk frå Winterthur Anton Graff (1736–1813), portrettmålar Johann Jakob Biedermann (1763–1830), kunstmålar Henrik Haggenmacher (1827–1917), sveitisk-fødd ungarsk industrileiar og velgjerar Heinrich Wölfflin (1864-1945) kunsthistorikar Joan Gamper (1877–1930), fotballpioner og idrettsleiar Marlies Bänziger (f. 1960), politikar Martin Buser (f. 1958), hundekøyrar, fleire gonger vinnar i Iditarod-løpet Mirco Müller (f. 1995), ishockeyspelar
Kjelder
Bakgrunnsstoff http://www.stadt.winterthur.ch – Offisiell nettstad http://www.standort-winterthur.ch – Økonomisk utvikling http://www.winterthur-tourismus.ch - Turisme http://www.musikkollegium.ch – Musikkollegium Winterthur
Kategori:Byar i Sveits Kategori:Kommunar i Zürich