Whitchurch er ein marknadsby i grevskapet Shropshire i England, 3 km aust frå grensa til Wales. Han ligg også sør for grensa til Cheshire, nord for hovudbyen i Shropshire, Shrewsbury, sør for Chester og aust for Wrexham. Whitchurch har kring 9 000 innbyggjarar og er den eldste kontinuerleg busette byen i Shropshire.

Nokre kjende folk som har budd i Whitchurch er komponisten Edward German og illustratøren Randolph Caldecott.

Historie

Steinalderen Det er funne spor etter menneske i dette området frå rundt 3000 f.Kr. Ved Dearnford Farm i nærleiken er det funne flintflak frå yngre steinalder.Barton, Joan (2001) A Millennium History of Whitchurch. Whitchurch History and Archeology Group.

Romersk tid Romarane grunnla ein busetnad her, Mediolanum (bokstaveleg ‘Midtslette’ eller ‘Midten av sletta’) kring år 52–70. Han låg ved ein viktig romarveg mellom Chester og Wroxeter. Han er nemnd på Itinerarium Antonini, men er ikkje same Mediolanum som den nemnd av Ptolemaios i Geographica, som låg sentralt i Wales. Ein kan sjå lokale spor etter romarane ved Whitchurch Heritage Centre.

mini|venstre|St Alkmund's Church i Whitchurch.

Angelsaksisk tid Den lokale soknekyrkja er vigd heilage Alkmund, sonen til kong Alhred av Northumbria. Ifølgje nokre tolkingar kan han vera gravlagd i Whitchurch; i alle høve blei han fyrst gravlagd i Shropshire.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Whitchurch, Shropshire» frå , den 26. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Shropshire Kategori:Busetnader grunnlagde i første hundreåret