Hucknall, tidlegare kjend som Hucknall Torkard, er ein by ved Nottingham i grevskapet Nottinghamshire i England. Han har kring 35 000 innbyggjarar. Byen var eit historisk eit senter for strikking, og sidan for gruvedrift, men har i dag fokus på andre industriar og som bustad for folk som arbeider i Nottingham.
Byen ligg nord for Nottingham, søraust for Kirkby-in-Ashfield, frå Mansfield og sør for Sutton-in-Ashfield.
Hucknall ligg på vestbreidda av elva Leen, på land som stig opp frå elvedalen til Trent i sør og går nordover mot Kirkby-in-Ashfield. Whyburn Brook renn gjennom sentrum av byen. Farleys Brook markerer sørgrensa hans. Den tette busetnaden og industriområde langs sørsida av byen gjer at Hucknall går over til det større byområdet til Nottingham, med forstadane Bulwell og Bestwood Village i sør og søraust.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hucknall» frå , den 25. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Nottinghamshire