Corbridge er ein by i grevskapet Northumberland i England. Han har kring 3500 innbyggjarar og ligg 26 km vest for Newcastle upon Tyne og 6 km aust for Hexham.

I Romersk Britannia var byen kjend som Corstopitum, Coriosopitum eller liknande. Tretavler funne ved den romerske festningen Vindolanda i nærleiken tyder på at han truleg blei kalla Coria, med tydinga ‘stammesenter’. Byen var den nordlegaste i Romarriket, på møtestaden mellom dei viktige romarvegane Stanegate og Dere Street.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Corbridge» frå , den 24. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Northumberland Kategori:Skipingar i 80-åra Kategori:Busetnader grunnlagde i første hundreåret