Felixstowe er ein hamneby for Nordsjøtrafikk i Suffolk i England. Byen har den største containerhamna i Storbritannia.
Soge Det har lege ein landsby på staden sidan før normannarane erobra området på 1000-talet. Staden vart etterkvart viktig for forsvaret av England, som i 1667 då nederlandske soldatar gjekk i land og mislukkast i å ta det lokalet martellotårnet.
Så seint som i 1886 vart Felixstowe ei viktig hamn. Turismen auka på same tid, og i 1905 vart piren konstruert. Staden vart eit fasjonabelt feriemål i viktoriansk tid, ikkje minst som følgje av at Felixstowe stasjon og piren vart opna, og at den tyske keisarfamilien vitja staden.
Infrastruktur Hamna er den tredje viktigaste i Storbritannia, etter Southampton og Tilbury, med 35% av landet sitt containertrafikk, og den fjerde travleste i Europa etter Rotterdam, Hamburg og Antwerpen. I 2002 vart han òg rangert som den tjuande travleste i verda.
Det er gode vegsamband til Midlands via A14 og til London via A12.
Elva Orwell renn ut i sjøen ved Felixstowe.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Felixstowe» frå , den 18. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Suffolk Kategori:Suffolk Coastal Kategori:Hamnebyar i England Kategori:Byar ved Nordsjøen