Watchet er ein hamneby i grevskapet Somerset i England. Han har kring 4 000 innbyggjarar. Han ligg 24 km vest for Bridgwater, 24 km nordvest for Taunton og 14 km aust for Minehead. Soknet omfattar grenda Beggearn Huish. Byen ligg ved munningen til elva Washford ved Bridgwater Bay, ein del av Bristolkanalen og ved utkanten av Exmoor nasjonalpark.

Samuel Taylor Coleridge-diktet The Rime of the Ancient Mariner vart skriven medan han reiste gjennom Watchet og det omliggande området.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Watchet» frå , den 18. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Somerset Kategori:Hamnebyar i England