Boris Abramovitsj Gelfand () er ein israelsk stormeister i sjakk. Han vann kandidatturneringa i 2011, og kvalifiserte seg dermed til å spele tvikamp om verdsmeisterskapen i sjakk mot Viswanathan Anand i Chennai i april-mai 2012.

I 1998 emigrerte han til Israel, og busette seg i Rishon LeZion. Han har sidan vore den høgast rangerte sjakkspelaren i Israel. Topprating var 2761 i januar 2010, pr. 1. juli 2011 hadde han 2746, nr. 12 på verdsrankingen.

Sjakkarriere Tidleg karriere Gelfand vart Sovjetisk juniormeister då han var 17 år, og vann Europameisterkapen i sjakk for juniorar to år seinare. I 1988 kom han på andreplass i Verdsmeisterskapen i sjakk for juniorar, på same poengsum som vinnaren Joël Lautier. I 1989 kvalifiserte han seg til stormeister-tittelen.

VM-kvalifisering 1993-2002 Gelfand har fleire gongar kvalifisert seg for kandidatturneringa for verdsmeisterskapen i sjakk. Han kvalifiserte seg frå Intersoneturneringa til kandidatturneringa for Verdsmeisterskapen 1993. Han vann den første kandidat-tvikampen, men vart slått ut i kvartfinalen av Nigel Short. I FIDE-verdsmeisterskapen i sjakk 1996 vann han intersoneturneringa, og vann dei to første kandidatkampane, før han vart slått ut i semifinalen av Anatolij Karpov. Han hadde fleire sterke resultat i utslagsturneringane om FIDE-verdsmeisterskapa i sjakk 1998-2004, der det beste resultatet var semifinalen i 1997. Han spelte i 8-spelar-turneringa i Dortmund i 2002, som var kandidatturnering for verdsmeisterskapen i sjakk 2004, men nådde ikkje semifinalen.

Verdsmeisterskapen i sjakk 2007 Gelfand kom blant dei 10 fremste i FIDE World Cup 2005, noko som kvalifiserte han til kandidatturneringa til Verdsmeisterskapen i sjakk 2007. Han vann kandidatkampane mot Rustam Kasimdzhanov (etter spelforlenging i hurtigsjakk) og Gata Kamsky (+2-0=3), og kvalifiserte seg dermed for Verdsmeisterskapen i sjakk 2007. Han var ikkje blant favorittane, men overraska med å dele andreplassen med den til då regjerande verdsmeisteren Vladimir Kramnik, ny verdsmeister vart Viswanathan Anand.

Verdsmeisterskapen i sjakk 2012 I FIDE World Cup 2009 var Gelfand topprangert, og slo Judit Polgár, regjerande verdsmeister i sjakk for juniorar Maxime Vachier-Lagrave, Dmitrij Jakovenko og Sergej Karjakin på vegen til finalen. I finalen møtte han tidlegare FIDE-verdsmeister i sjakk Ruslan Ponomarjov, og vann 7-5 etter spelforlenging.World Chess Cup Final: Boris Gelfand is King Sigeren i denne turneringa kvalifiserte Gelfand for kandidatturneringa til Verdsmeisterskapen i sjakk 2012.

Kandidatturneringa vart spela i Kazan, Russland i mai 2011. Gelfand var rangert som nummer fire. I kvartfinala vann han eit komplisert parti med svart i Najdorf-forsvaret, elles tre remisar, og slo dermed Shakhriyar Mamedjarov 2,5-1,5. I semifinala møtte han Gata Kamsky. Etter fire remisar i dei fire første partia vart det spelforlenging i hurtigsjakk. Kamsky vann det tredje partiet, og Gelfand måtte vinne det fjerde med svart for å unngå å bli slått ut. Dette klarte han, og vann deretter dei to neste partia i lynsjakk med 2-0. I finalen møtte han Alexander Grischuk. Etter remis i dei fem første partia, så vann Gelfand det sjette og siste ordinære partiet med kvit mot Grünfeld-forsvaret, og dermed tvikampen 3,5-2,5. Gelfand hadde dermed kvalifisert seg til å møte verdsmeister Anand om verdsmeisterskapen i sjakk 2012, som skal spelast i Moskva i mai 2012FIDE pressemelding om VM 2012, vitja 10. august 2011.

Minneverdige turneringssigrar Boris Gelfand har vunne om lag 30 sjakkturneringar i karrieren, mellom anna følgjande:

Europeisk Meisterskap for Ungdom, 1989 Majorca (GMA), 1989 Wijk aan Zee, 1992 Moskva, 1992 Manila, 1993 Chalkidiki, 1993 Biel, 1993 Dos Hermanas, 1994 Debrecen, 1995 Beograd, 1995 Wien, 1996 Tilburg, 1996 Polanica Zdroj, 1998 Malmö, 1999 Polanica Zdroj, 2000 Cannes, 2002 Pamplona, 2004 Biel, 2005 ACP World Rapid Cup, 2009 FIDE World Cup 2009Israel's Gelfand wins Chess World Cup, December 31, 2009, in Israel 21c A Focus Beyond Retrieved 2010-01-01 Kandidatturneringa 2011

Spelestil Gelfand spelar med kvit 1.d4, og er med svart spesialist på siciliansk forsvar, Najdorf-varianten, russisk forsvar, slavisk forsvar og kongeindisk forsvar. Han er kjend som ein sterk posisjonsspelar.

Bøker

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 17. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Boris Gelfand sitt ratingkort hos FIDE Boris Gelfand sine sjakkparti hos Chessgames.com Intervju med Boris Gelfand hos Chessbase 31.10.2007

Kategori:Stormeistrar i sjakk Kategori:Sovjetiske sjakkspelarar Kategori:Belarusiske sjakkspelarar Kategori:Israelske sjakkspelarar Kategori:Jødiske sjakkspelarar