Bamburgh er ein liten by ved kysten i Northumberland i England.

Bamburgh slott var sete for kongane av Northumbria. Byen var òg hovudstad for det angelsaksiske kongedømet Bernicia på 500- og 600-talet. Det vart bygd av Ida av Bernicia (ca. 547–559). Det opphavlege namnet på staden skal ha vore Bebbanburgh, etter Bebba, som var gift med sonesonen til Ida Adda av Bernicia. I 1704 vart slottet kjøpt av Lord Crewe, biskop av Durham. Han oppretta ein velgjerande jenteskule der. Fondet som skulle finansiere skulen dekte ikkje drifta over tid, og i 1894 kjøpte William, 1. Lord Armstrong slottet og gjorde det til bustaden til familien. Dei bur enno der.

Den første kyrkja i Bamburgh vart reist av Oswald av Northumbria i 635.

Ein av dei mest kjende personar frå Bamburgh er Grace Darling (1815–1842). I 1838 rodde ho saman med faren sin ut til eit skip som hadde gått på grunn, og dei lukkast i å redde ni passasjerar. Ho er gravlagt på kyrkjegarden, og rett ved sida av ligg eit museum til hennar ære.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bamburgh» frå , den 17. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Northumberland