Brentwood er ein by i Essex i England. Han har gjeve namn til og er administrasjonssenter for distriktet Brentwood, og ligg innanfor pendlarbeltet til London, 32 km nordaust for Charing Cross og like ved ringvegen M25.

mini|venstre|Crown Street Christian Fellowship.

Det er ein typisk forstad til London, med eit lite handleområde og ei hovudgate. Utanfor sentrum har bustadområde spreidd seg ut i det som tidlegare var landsbygd og skogområde. Byen er kjent for privatskulen Brentwood School. Ei rekkje selskap held til på industriområde i byen.

Byen fekk i 1990-åra rykte på seg for å vere den kjedelegaste byen i England. Dette oppstod då David McClucky, bestyraren for Brentwood Theatre, sa til ein lokal journalist at «det er vanskeleg å trekkje fram noko interessant om Brentwood» som kunne feirast i ein komande festival. Han skal seinare ha forklart at han meinte at det var vanskeleg å trekkje ut ein ting frå dei mange historiske hendingane som har funne stad der. Men skaden var skjedd, og vart ikkje mindre då nokon fann ut at «Bored town» er eit anagram for Brentwood.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Brentwood (Essex)» frå , den 16. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Essex