Stalbridge er ein liten by i Blackmore Vale i Dorset i England, nær grensa til Somerset.
Den eldste kjende busetjinga på staden var i romersk tid. Byen fekk marknadsrettar under Georg I (1714–1727), men det er mange år sidan det vart halde regelmessige marknader der. Det ti meter høge marknadskrossen i sentrum blir rekna som ein av dei finaste i landet. Soknekyrkja er frå 1400-talet, med eit tårn frå 1800-talet.
mini|venstre|St Mary's-kyrkja.
Blant kjende personar frå Stalbridge finn ein Robert Boyle, som åtte Stalbridge Manor, og forfattaren Douglas Adams. Store delar av Haikerens guide til galaksen vart skriven i byen, og Adams har òg sunge i kyrkjekoret som ung gut.
Kunstnaren sir James Thornhill budde i Thornhill Park, rett sør for byen. Han kjøpte eigedomen i 1725. To år seinare reiste han ein obelisk i parken til ære for Georg II.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Stalbridge» frå , den 16. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Dorset