Tunbridge Wells (offisielt Royal Tunbridge Wells) er ein by i området Weald i Kent i England, rett nord for grensa til East Sussex. Han har omkring 60 000 innbyggjarar, og er administrasjonssenter for distriktet Tunbridge Wells.

mini|venstre|The Pantiles, det historiske senteret og turistsenteret i byen.

I likskap med resten av distriktet er han delt inn i kretsar (wards). Det er åtte slike kretsar eller bydelar: Culverden, Pantiles, St. Markers, Park, Rusthall, Sherwood, St. James' og St. Johns.

Kjelda som gav byen namneleddet Wells eksisterer enno i bydelen Pantiles. Ho er ei chalybeate-kjelde, med vatn som har høgt jarninnhald. Kjelda vart oppdaga i 1606 av Lord North, som høyrde til hoffet til Jakob I. Han gav ho namn etter den nærliggande byen Tonbridge, som den gong vart stava Tunbridge. Dette har sidan vore ei stadig kjelde til forvirring, spesielt for reisande på jernbanelinja mellom London og Hastings der stasjonsnamna er til forvirring like.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tunbridge Wells» frå , den 13. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Kent