mini|Surf-Riders, Honolulu (1919). Tresnitt av Charles W. Bartlett. mini|Surfaren Allen Sarlo driv med surfeopplæring (2003). Surfing er ein idrett som går ut på å balansera på noko, som regel eit brett, som blir drive fram av bølgjer. Idretten oppstod i Polynesia, med Hawaii som eit velkjent døme. På Hawaii blei han nesten trengd ut av kristne misjonærar, men oppstod igjen på 1900-talet og blei spreidd til Australia og California, der ein utvikla lettare surfebrett. I dag driv ein med surfing over store delar av verda, i havet, elver, innsjøar og basseng.
Surfing i Noreg Langs norskekysten er det ofte gode tilhøve for surfing, særleg på Jærstrendene, Vestlandet og i Lofoten. NM i surfing 2007 blei halde på Stadlandet.
Sjå òg Surfekultur
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Surfing» frå , den 10. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Vassport Kategori:Kultur på Hawaii Kategori:Kultur i California Kategori:Australsk kultur
Kategori:Idrettar frå USA Kategori:Polynesisk kultur