Crawley er ein by og eit administrativt distrikt i West Sussex, England. Han ligg ved grensa til Surrey. Byen er ikkje inndelt i mindre einingar som kretsar eller verdslege sokn.
Byen nådde eit folketal på noko under 10 000 før andre verdskrigen, ein vekst som for det meste skulda nærleiken til hovudvegen mellom London og Brighton, som i dag er M23 / A23. I 1950- og 1960-åra byrja han å vekse kraftig, etter at han i 1947 hadde vorte klassifisert som ein New Town, ein by som skulle byggjast opp for å avlaste storbyane i nærleiken, spesielt London. Folketalet nådde i løpet av 1960-åra 60 000, og han har halde fram å vekse. Under økonomiske oppgangstider i 1980-åra hadde byen det lågaste arbeidsløysenivået i Storbritannia.
Bydelar Crawley er inndelt i 13 bydelar, som ikkje har noka administrativ rolle.
Bewbush Broadfield Furnace Green Gossops Green Ifield Langley Green Maidenbower Northgate Pound Hill Southgate Three Bridges Tilgate West Green
Distriktet omfattar òg området Gatwick, der London Gatwick Airport ligg.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Crawley» frå , den 10. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i West Sussex Kategori:Distrikt i Søraust-England Kategori:Byar grunnlagde på 400-talet