Paal Emanuel Brekke () var ein norsk lyrikar, forfattar, gjendiktar og omsetjar. Han er far til forfattaren Toril Brekke.
Brekke var fødd på Røros. Han utgav si fyrste diktsamling som flyktning i Sverige kalla Av din jord er vi til. Brekke kom i kontakt med den svenske modernismen, «fyrtiotalismen», noko som påverka seinare lyrikk. Han hadde òg god kjennskap til engelsk-amerikansk modernisme. Utover 1950-talet var Paal Brekke ein leiande modernist i Noreg. Diktsamlinga Og hekken vokste høyt frå 1953 hadde stor betydning i etterkrigslitteraturen.
Paal Brekke var redaktør av tidsskriftet Diktets venner 1958-62.
Antologien til sin tid inneheld mange av hans journalistiske arbeid og vart utgjeven i 1970.
Utmerkingar
Kritikarprisen 1972 for Aftenen er stille : (Aldersheim blues) Doblougprisen 1981 Riksmålsforbundets litteraturpris 1992
Kategori:Bokmålsforfattarar Kategori:Folk frå Røros Kategori:Forfattarar frå Sør-Trøndelag Kategori:Modernistiske forfattarar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Vinnarar av Kritikerprisen Kategori:Vinnarar av Doblougprisen