Peterborough er ein by og eit administrativt distrikt, med status både som city og sameint styresmakt, i Cambridgeshire i England. Byen ligg 55 km nordaust for Northampton med kring 190 000 innbyggjarar.
Byen ligg ved elva Nene, i eit lågtliggande og flatt område, vest for The Fens. Distriktet omfattar nokre landsbyar, som Wittering og Thorney. Byen er eit jernbaneknutepunkt og eit handelssentrum med teglverk, jernbaneverkstadar, maskin- og næringsmiddelindustri. Byen er eit anglikansk bispesete. Katedralen, som vart innvigd i 1238), er bygd i seinnormannisk stil.
Byen voks opp omkring eit benediktinarkloster frå 655, vart herja av vikingar på på 800- og 1000-talet og øydelagd av brann i 1117. Peterborough fekk status som new town i 1967.
Byen Peterborogh har eit eige fotballag som heiter Peterborough United FC. Dei spelar i Coca-Cola Championship, som er det nest øvste nivået i engelsk fotballiga.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Peterborough» frå , den 10. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Distrikt i Aust-England Kategori:Byar i Cambridgeshire Kategori:Sameinte styresmakter i England Kategori:Busetnader grunnlagde på 600-talet