Wear er ei elv i grevskapet Durham i det Nordaust-England. Ho har utspringi Penninane og renn austover, for det meste gjennom County Durham før ho munnar ut i Nordsjøen ved Sunderland. Elva er rundt 96 km lang, og er ei av dei lengste i regionen. Ho har gjeve namn til Weardale i det øvre løpet sitt og Wearside ved munningen, og saman med Tyne har ho gjeve namn til fylket Tyne and Wear.
mini|venstre|Wear ved Durham Castle mini|Wear og Wearmouth Bridge i Sunderland.
Wear har utspringet sitt ved Wearhead i Durham, og renn gjennom Weardale forbi Stanhope og Wolsingham. I Bishop Auckland renn ho nedfor Auckland slott, residensen til biskopen av Durham. Ho fortset i ein nordaustleg retning til ho når Durham; der renn ho i ein boge slik at byen blir liggjande nærast på ei halvøy. Ho fortset så forbi Chester-le-Street og Washington, før ho når Sunderland. Tidlegare var det opp mot eit dusin skipsverft langs elva ved Sunderland, men dei aller fleste er nedlagde. Elva renn ut i Nordsjøen i Sunderland.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wear» frå , den 6. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Elvar i Durham Kategori:Elvar i Tyne and Wear