Wye (walisisk Afon Gwy) er den femte lengste elva i Storbritannia og store delar av ho dannar grensa mellom England og Wales. Ho er viktig for naturbevaring og rekreasjon.
Elvas spring ut i dei walisiske fjella ved Plynlimon. Ho renn gjennom fleire byar og landsbyar som Rhayader, Builth Wells, Hay-on-Wye, Hereford (den einaste byen ved Wye), Ross-on-Wye, Symonds Yat, Monmouth og Tintern, og munnar ut i Severn-estuaret like nedanfor Chepstow. Elva har ei lengd på 215 km.Rivers and the British Landscape, (2005), Sue Owen et al., Carnegie Publishing, ISBN 978-1-95936-120-7
Wye sjølv har status som Site of Special Scientific Interest og er ei av dei viktigaste elvane i Storbritannia for naturbevaring. Mykje av den nedre dalen har status som Area of Outstanding Natural Beauty, særleg vent naturområde.
Sideelvar Av sideelvar til Wye finn ein Lugg og Arrow, Elan, Dulas, Irfon, Marteg, Monnow, Trothy, Ithon, Llynfi, Letton Lake, Tarennig og Bidno.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «River Wye» frå , den 3. juli 2011.
Bakgrunnsstoff Wye skildra frå kjelde til sjø
Kategori:Sideelvar til Severn Wye Wye Wye Kategori:Site of Special Scientific Interest i England Kategori:Site of Special Scientific Interest i Wales Kategori:Geografi i Monmouthshire Wye