Drymophila er ei biologisk slekt i maurfuglfamilien, Thamnophilidae. Seks av Drymophila-artane er forbunde med regionar i søraustlege Brasil, to av desse - kaingangmaurfugl og gråryggmaurfugl - breier seg òg inn i austlege Paraguay og snautt inn i nordaustlege biten av Argentina.

Sjølv på det høgste mangfaldet i Brasils Mata Atlântica, er artane nesten heilt parapatriske, i nokre tilfelle som gråryggmaurfugl og bandhalemaurfugl jamvel til sære habitatpreferansar. Sjølvsagt kan avskogingen i denne regionen dekke over at det har vore meir overlapping i fortida. I alle fall, kvart fragment av habitat har ein sterk tendens til å halde på høgst ein einskild art.Rajão & Cerqueira (2006)

Stripemaurfugl er ein art av den sørvestlege kvadranten av Amazonasbassenget, og ein åtskild populasjon lever i nordvestlege Ecuador og tilstøytande delar av Colombia.

Langhalemaurfugl er ein art i fuktig høgland, som strekkjer seg gjennom Andes frå vestlege Bolivia til nordvestlege Venezuela, med åtskilte populasjonar i Sierra Nevada de Santa Marta, Serranía del Perijá og Cordillera de la Costa.

Artslista Drymophila i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Rustmaurfugl, Drymophila ferruginea, Ferruginous Antbird, Temminck, 1822, (LC) Kaingangmaurfugl, Drymophila rubricollis, Bertoni's Antbird, Bertoni, AW, 1901, (LC) Rusthalemaurfugl, Drymophila genei, Rufous-tailed Antbird, de Filippi, 1847, (LC) Okergumpmaurfugl, Drymophila ochropyga, Ochre-rumped Antbird, Hellmayr, 1906, (NT) Olivenryggmaurfugl, Drymophila malura, Dusky-tailed Antbird, Temminck, 1825, (LC) Bandstjertmaurfugl, Drymophila squamata, Scaled Antbird, Lichtenstein, MHK, 1823, (LC) Stripemaurfugl, Drymophila devillei, Striated Antbird, Ménégaux & Hellmayr, 1906, (LC) Langstjertmaurfugl, Drymophila caudata, East Andean Antbird, Sclater, PL, 1855, (NT) Venezuelamaurfugl, Drymophila klagesi, Klages's Antbird, Hellmayr & Seilern, 1912, (LC) Santamartamaurfugl, Drymophila hellmayri, Santa Marta Antbird, Todd, 1915, (NT) Stripehovudmaurfugl, Drymophila striaticeps, Streak-headed Antbird, Chapman, 1912, (LC)

Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Drymophila» frå , den 2. juli 2011 han gav følgjande referanse: Rajão, Henrique & Cerqueira, Rui (2006): Distribuição altitudinal e simpatria das aves do gênero Drymophila Swainson (Passeriformes, Thamnophilidae) na Mata Atlântica [Elevational distribution and sympatry of birds of the genus Drymophila Swainson (Passeriformes, Thamnophilidae) in the Atlantic forest]. [Portugisisk med samandrag på engelsk] Revista Brasileira de Zoologia 23(3): 597–607. PDF fulltext

Referansar

Bakgrunnsstoff Ecuadorian birds: Report of "Long-tailed Antbird"

Kategori:Maurfuglfamilien Kategori:Fugleslekter