mini Kilpatrick Hills er ei rekkje åsar sentralt i Skottland som strekkjer seg frå Dumbarton i vest til Strathblane i aust. Strathblane skil Kilpatricks-åsane frå Campsie Fells i aust, medan den nordlege delen er ein del av Loch Lomond and the Trossachs nasjonalpark. I vest og sør ligg busetnadane Balloch, Dumbarton, Milton, Bowling, Old Kilpatrick, Clydebank, Bearsden og Milngavie. Det meste av åsane ligg i West Dunbartonshire, men ein del av strekkjer seg òg inn i East Dunbartonshire og Stirling.
Dei høgaste åsane er Duncolm 401 meter over havet og Fynloch på 400 meter over havet. Åsane har vulkansk opphav, men er forma av isbrear.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kilpatrick Hills» frå , den 30. juni 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fjell og åsar i Skottland Kategori:Geografi i West Dunbartonshire