Glen Coe (skotsk-gælisk Gleann Comhan) er ein trong dal i Dei skotske høglanda i Skottland. Han ligg i den sørlege delen av Lochaber i Highland, og var tidlegare ein del av grevskapet Argyll. Dalen er omgjeven av ville og høge fjell. Området vert ofte rekna som ein av dei mest spektakulære og vakraste stadane i Skottland, og har status som National Scenic Area i lag med Ben Nevis.
Dalen er U-forma og danna av ein isbre. Han er om lag 16 km lang og breidda langs dalbotn er mindre enn 700 meter, og er særleg smal ved Pass of Glen Coe om lag halvvegs inne.
Geologisk sette er Glen Coe restane etter ein gammal supervulkan som hadde utbrot med ein styrke på VEI-8. Utbrotet skjedde for kring 420 millionar år sidan under silur og vulkanen har lenge vore utdøydd.Clough, C. T; Maufe, H. B. & Bailey, E. B; 1909. The cauldron subsidence of Glen Coe, and the Associated Igneous Phenomena. Quart. Journ. Geol. Soc. 65, 611-678.; Glen Coe, scottishgeology.com, Hunterian Museum, University of Glasgow.; ;
I 1692 blei 38 medlemmer av Macdonald-klanen hogd ned her av medlemmer av Campbell-klanen.«Glencoe» (14. februar 2009). Store norske leksikon.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Glen Coe» frå , den 30. juni 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Turisme i Glencoe Turar i Glen Coe
Kategori:Fjell og åsar i Highland Kategori:Dalar i Skottland Kategori:Site of Special Scientific Interest i Skottland Kategori:Vulkanar i Skottland Kategori:VEI-8-vulkanar