Quzhou (kinesisk skrift 衢州市, pinyin Qúzhōu) er eit byprefektur som ligg heilt vest i provinsen Zhejiang i Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har et areal på 8 846 km² og 2 456 100 innbyggjarar. Quzhou består av to bydistrikt, eitt byfylke og tre fylke.
Sentralt i Quzhou er er eit lågland langs elva Qiantang. Her er tett med vatningsanlegg med produksjon av sitrusfrukt, te og morbærblad. Slettene utgjer 15 % av arealet, åslandskap 36 % og fjellområda 49 %. Terrenget stig både mot vest og aust. Dei høgste fjella ligg i sør. Høgste punktet i byprefekturet er Dalong Gang, 1 500 moh. 71 % av landområdet er dekt med skog. Hovudkvarteret og produksjonsanlegget til Wuxijiang-demninga ligg i byprefekturet, og forsyner eit stort industriområde i prefekturet med elektrisk kraft.
Samferdsle Kinesisk riksveg 320 går gjennom området. Han byrjar i Shanghai og går sørvestover til grensa mellom provinsen Yunnan og staten Myanmar. Undervegs er han innom mellom anna Hangzhou, Nanchang, Guiyang, Kunming og Dali.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Quzhou» frå , den 27. juni 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Zhejiang