Bokstaven M (m) er den 13. bokstaven i det latinske alfabetet og den 12. i det greske alfabetet (M μ). Bokstaven stammar frå det det fønikiske alfabetet. På norsk viser M til den den bilabiale, nasale sonanten. På semittisk heitte bokstaven mem. Grekarane kalla han my i analogi med ny for n. I den opphavlege biletskrifta i Egypt var bølgjelinja eit teikn for vatn. Romarane kalla bokstaven em.
Runealfabetet har bokstaven som fjerde bokstav i tredje ætt.
M kan stå for 1000 skrive med romartal, som kjem av det latinske mille som tyder «tusen». prefikset mega- (=106 eller ein million) i SI-systemet. Kjem av greske megas, som tyder «stor». Innan IT viser mega til 26 = 1 048 576. eininga mach som mellom anna vert nytta i aerodynamikk. symbol for molaritet. forkorting for Messierkatalogen i astronomi eit symbol for absolutt og tilsynelatande storleiksklasse. teikneserien M av Mads Eriksen forkorting for molekylmasse. nasjonalitetskjennemerke på bilar frå Malta på tyske bilskilt: München på spanske bilskilt før 2000: Madrid M', i irske og skotske familienamn, sjå Mac. M. kan på engelsk stå for Master, magister, meister, Member, medlem, Military, Medicine, og fleire. I samband med tal tyder det Motorway eller motorveg. forkorting for franske monsieur, som tyder «herr». forkorting for det romerske namnet Marcus.
Minuskelen, m, kan stå for prefikset milli- (=10−3) i SI-systemet. Skrive føre eit einingssynbok seier det at eininga skal dividerast med 1000. m, symbol for masse. Partikkelmasse vert gjeven ved m med partikkelsymbol som indeks, til dømes me for elektronmasse, ma for atommasse og mp for protonmasse. symbol for lengdeeininga meter. symbol for molal eller molalitet. m. står på engelsk mellom anna for male (hankjønn), married (gift) og mile(s) (engelsk mil). i grammatikken forkorting for hankjønn. i musikk er m ei forkorting for fransk main eller italiensk mano ('hand'). I orkegelmusikk er det ei forkorting for manual. Som dynamisk teikn er det ei forkorting for italienske mezzo, som tyder middels. på reseptar forkorting for latin misce, som tyder «bland». Legen har skrive til apoteket om å blande den medisinen som er føreskriven.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Det latinske alfabetet