mini|Molde videregående skole Molde videregående skole er ein vidaregåande skole med musikk, media og kommunikasjon, formgjevingsfag, realfag, samfunnsfag og språkfag. I daglegtale blir han kalla «Gymnaset».

Kvart år sett nokre av elevane opp eit skodespel og ein russerevy, medan alle ved studieretninga for musikk, dans og drama – som blir driven saman med Molde kulturskole – tredje kvart år sett opp ein musikal.

Historie Skulen blei skipa som mellomskule i 1832. I 1863 fekk han rang som «lærd skole», kor elevane kunne avleggje examen artium.

Ein av dei tidlege elevane, Bjørnstjerne Bjørnson, kalla mellomskulen «en liden, meget pyntelig skole / på hvilken både kirke og stat kunde stole». Da han drog frå byen 17 år gammal, var det med orda «Nu farvel! fordømte Skole / Nu farvel! mit Fængselshul» i hugen.

Frå 1880-åra er det kjent at skulen hadde eit gymnasiastsamfunn med eiga elevavis, kor mellom andre Johan Scharffenberg skreiv.

Skulebygg I skuletida til Bjørnson på 1840-talet låg skulebygningen ved elvemunningen. Sidan 1925 har skulen lege rett nordvest for Øvre bru, vis-à-vis den tidlegare folkeskulen (som no er vekk). Forutan hovudbygningen i empirestil, som framleis er i bruk, har fleire bygg kome til etter kvart.

Tidlegare namn Molde Middel & Realskole (nemnt 1861) Molde Lærd- og Realskole (nemnt 1872) Molde latingymnasium og middelskole (nemnt 1879) Molde middelskole og latingymnasium (nemnt 1887) Molde kommunale høgre ålmennskule (1929–) Molde vidaregåande skole (nemnt 1994)

Nokre rektorar Alexander Brinchmann (1859–93) Leiv Heggstad (1931–45) Asgaut Bore Helge Linge Thorbjørn Myhre

Kjende tidlegare elevar Bjørnstjerne Bjørnson (elev 1844–49), forfattar Olaus Fjørtoft (latinelev 1861–66), journalist Kristofer Kristofersen (elev til 1869), forfattar og journalist Johan Scharffenberg (elev 1882–88), psykiater og sosialpolitikar Knut Ødegård (elev til 1965), forfattar Kjell Magne Bondevik, statsminister Jo Nesbø, musikar og forfattar Bernt Hulsker, fotballspelar Endre Ruset (elev til 2001), forfattar

Kjelder Dokumentasjonsprosjektet. Tekstsamlinga. Bjørnstjerne Bjørnson, samla verk, band 8, Digte og sange 1880 Heimeområdet til Molde videregående skole

Kjell Ove Nybø Hattrem: «Professor Jacob Tanner forteller fra si ungdomstid i Molde (i samtale med Per Amdam og Nils Parelius)», i Årsskrift (Romsdal sogelag, Molde 1997)

Kategori:Molde kommune Kategori:Vidaregåande skular i Møre og Romsdal Kategori:Skipingar i 1832