Obokonsert i C-dur, K. 314, vart komponert av Wolfgang Amadeus Mozart våren eller sommaren 1777 for oboisten Giuseppe Ferlendis (1755–1802) frå Bergamo, så omskriven av komponisten som solokonsert for fløyte i D-dur i 1778. ISMN M-00645740-3 Solokonserten er mykje studert for begge instrument og er ein av dei viktigaste solostykka for obo.Riordan, George. The History of the Mozart Concerto K. 314 . International Double Reed Society & University of Colorado, College of Music.
Satsar Som med Fløytekonsert nr. 1, er stykket arrangert for eit standard orkester med strykarar, to oboar og to valthorn.Fløyte Concerto No. 2 in D-dur, K. 314 (K. 285d). Allmusic.
Stykket er delt inn i tre satsar: I. Allegro aperto II. Adagio non troppo III. Rondo: Allegretto
Fløytekonsert nr. 2 Fløytekonsert nr. 2 i D-dur er ei tilpassing av den originale obokonserten. Den nederlandske fløytisten Ferdinand De Jean (1731–1797) bestilte fire fløytekvartettar og tre fløytekonsertar av Mozart. I staden for å lage ein ny konsert, omarrangerte Mozart obokonserten han hadde skrive eit år tidlegare som den andre fløytekonserten. De Jean betalte derimot ikkje Mozart for denne konserten fordi han var basert på obokonserten.Freed, Richard. Flute Concerto No. 2 in D-dur, K. 314. John F. Kennedy Center for the Performing Arts. oktober 5–7, 2006
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Oboe Concerto (Mozart)» frå , den 16. juni 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Performance of Flute Concerto by the Gardner Chamber Orchestra with solist Paula Robison from the Isabella Stewart Gardner Museum in MP3 format
Kategori:Solokonsertar av Wolfgang Amadeus Mozart Mozart Kategori:Musikk i 1777