Ville Jalasto () er ein finsk fotballspelar. Han spelar for Kongsvinger IL Toppfotball (2020). I 2012-sesongen spela han som høgreback for Aalesund i den norske Eliteserien.

Jalasto tok til å spela fotball for FC Honka i heimbyen som åtteåring. Han debuterte på A-laget til Honka i den finske serien 4. mai 2006. I mars 2009 kom han til Ålesund. Han debuterte for Aalesund i den fjerde serierunden i 2009 mot Odd Grenland.Spelarprofil på Aalesund sine nettsider Han har fleire kampar for U21-landslaget til Finland og debuterte for A-landslaget 29. mai 2010 i ein privatlandskamp mot Polen.

Kjelder

Spelarprofil på Aalesund sine nettsider Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå finsk Wikipedia 15. juni 2011.

Kategori:Finske fotballspelarar Kategori:Aalesund-spelarar