Fagottkonsert i B-dur (K. 191), skriven i 1774 av Wolfgang Amadeus Mozart, er det vanlegaste stykket for fagott som er skrive.Eisen, Cliff: 'Concerto', Grove Music Online ed. L. Macy (Accessed 6 august 2006), <http://www.grovemusic.com.turing.library.northwestern.edu> Nesten alle profesjonelle fagottistar speler dette stykket ein eller annan gong i karrieren sin, og det er dette stykket som ofte vert spelt under prøvespelingar.
Sjølv om det signerte manuskriptet er tapt, veit ein at det vart fullført den 4. juni 1774.Sleeve note of the Supraphon CD (SU 3678-2 001)
Mozart skreiv fagottkonserten då han var 18 år gammal, og det var den første solokonserten han skreiv for eit blåseinstrument. ISMN M-006-45809-7 Sjølv om ein trur at det vart bestilt av den aristokratiske amatørfagottisten Thaddäus Freiherr von Dürnitz, som eigde 74 verk av Mozart, har ein få bevis som støttar dette.Waterhouse, William: 'Fagott', Grove Music Online ed. L. Macy (Accessed 6 august 2006), <http://www.grovemusic.com.turing.library.northwestern.edu> Forskarar trur at Mozart kanskje skreiv tre fagottkonsertar, men at berre denne har overlevd.
Instrumentering Konserten er skriven for solo fagott og eit orkester som består av to oboar, ein fagott, 2 valthorn i F og strykarar.
Struktur Stykket er delt inn i tre satsar:
I. Allegro II. Andante ma Adagio III. Rondo: tempo di menuetto
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bassoon Concerto (Mozart)» frå , den 13. juni 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Solokonsertar av Wolfgang Amadeus Mozart Mozart