venstre|mini|250px|Innsida av den portugisiske synagogen i Amsterdam, med tebáen i forgrunnen. Tebá (hebr. תֵּבָה el. תֵּיבָה tēḇā) er det hovudsakleg sefardiske og italiensk-jødiske namnet på den opphøgde plattforma i synagogen med ein lesepult der torálesinga føregår.
Andre namn Bima Askenasiske jødar, særleg frå Russland, kallar tebáen bima.
Almemmar, Balemmer Askenasiske jødar frå Tyskland og Polen seier gjerne almemmar eller balemmer.
Plassering Attast i rommet I tradisjonelle sefardiske, provençalske, italienske og romaniotiske synagogar er tebáen vanlegvis plassert nærme atterenden av synagogerommet.
Midt i rommet I tradisjonelle askenasiske og mange mizrahiske synagogar er tebáen gjerne plassert nærme midten av synagogerommet.
Nærme hekhál I askenasiske ikkje-ortodokse synagogar, særleg i Nord-Amerika, er tebáen gjerne slegen saman med dukhán-området fremst i synagogerommet, nærme hekhál.
Andre tydingar av ordet tebá I talmúdisk hebraisk blir ordet tebá bruka for hekhál (arka, toráskåpet). Tebá kan òg bli bruka i tydinga ‘ark’, som i Noahs ark.
Kategori:Synagogar Kategori:Jødedom