Pianokonsert nr. 19 i F-dur, KV. 459 av Wolfgang Amadeus Mozart vart skriven mot slutten av 1784: I følgje Mozart sjølv var verket ferdig den 11. desember. Han vert stundom kalla «den andre kroningskonserten» fordi Mozart spelte han under kroninga av Leopold II i Frankfurt am Main i oktober 1790. Det signerte partituret ligg i dag Jagiellónska bibliotek i Kraków. Den første utgåva vart produsert av Johann Andre frå Offenbach i 1794 og Breitkopf & Härtel produserte ei utgåve i 1800. Som alle solokonsertane til Mozart er det i tre satsar: Allegro 4/4 Allegretto 6/8, i C-dur Allegro assai 2/4
Konserten var skriven for Mozart sjølv. Hutchings har kalla det «atletisk» med ein kombinasjon av ynde og kraft. Det er skriven for fløyte, to oboar, to fagottar, to valthorn og strykarar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Piano Concerto No. 19 (Mozart)» frå , den 10. juni 2011. oppgav desse kjeldene: Hutchings, A. A Companion to Mozart's Piano Concertos, Oxford University Press. Mozart, W. A. Piano Concertos Nos. 17-22 in full score. Dover Publications, New York.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Musikk i 1784 19