Fylkesveg 5690 i Vestland fylke går mellom Vassenden og Kjøsnes i Sunnfjord kommune. Vegen er 22,6 km lang.

Vegen går langs sørsida av Jølstravatnet til Sandvika, og vidare på fylling og kort bru over Kjøsnesfjorden til Kjøsnes. Kjøsnesbrua vart opna i 1970.

Fram til 2019 blei vegen kalla fylkesveg 451 i Sogn og Fjordane.

Kommunar og knutepunkt

Vassenden Vassenden bru I - Jølstra sideløp (6 m) Vassenden bru II - Jølstra (49 m) Søre → kommunal veg til Lergrovbakke Vassenden kyrkje → kommunal veg til Bakkeslåttene, Bjørkelia og Jølster skisenter Gjesdalsøyane → kommunal veg til Gjesdalen Vassenden skule og Jølstrahallen Furehammaren → kommunal veg til Gjesdalen Tohaugen → kommunal veg til Sanddalen Sanddal Sanddalsøyane → kommunal veg til Sanddalen Astruptunet Høgerinden → kommunal veg til Åsen Myklebust → kommunal veg Orkavegen til Dvergsdalsdalen Dvergsdalen → kommunal veg Orkavegen til Dvergsdalsdalen Vollen → kommunal veg Grovavegen til Sægrov Kjøsnesbrua (89 m, og 550 m molo) Kjøsnes gamle Riksveg 5 Mot Skei: endepunkt Vika Mot Lunde: endepunkt Støylsnestunnelen Kjøsnes Kjøsnes

Kjelder

Bakgrunnsstoff Sogn og Fjordane Fylkesarkiv: Veg og bru over Kjøsnesfjorden

Kategori:Vegar i Sunnfjord