Arvid Brodersen () var ein norsk sosiolog frå Trondheim.
Han studerte 1 år ved Universitetet i Oslo (Kristiania) i 1922, og drog så til Berlin. Han var den første nordmannen med doktorgrad i sosiologi, avlagt ved Universitetet i Berlin: «Lebensdrang und Lebensordnung der sozialen Gebilde» om jødisk identitetsutvikling i Europa, inspirerert av den forståande sosiologien til Max Weber. Han arbeidde ved Chr. Michelsens institutt i Bergen (1940-1946), fungerte som tolk i drøftingane mellom okkupasjonsmakta og norske styresmakter i 1940, var med i motstandsrørla, arbeidde etter krigen for UNESCO (1946-1949) i Paris og vart seinare lærar ved New school for social research i New York (1949-1974).
Utvalde verk Brodersen, A. (1966). «The Soviet worker. Labor and government in Soviet society.» New York, Random House. Groth, H. and A. Brodersen (1977). «Tegn i tiden. Essays og kommentarer». Oslo, Cappelen. Brodersen, A. (1979). «Mellom frontene». Oslo, Cappelen. Brodersen, A. (1982). «Fra et nomadeliv. Erindringer». Oslo, Gyldendal. Brodersen, A. (1994). «Sosiologi som opplevelse». Oslo, Universitetsforlaget.
Redigerte bøker Alfred Schütz, «Collected Papers, Vol. II, Studies in Social Theory“. Red. Arvid Brodersen, The Hague: Martinus Nijhoff, 1964.
Bakgrunnsstoff Rune Slagstad: Nekrolog over Arvid Brodersen Ragnvald Kalleberg: Utdjupande artikkel om Brodersen i Norsk Biografisk Leksikon
kategori:Folk frå Trondheim kategori:Norske sosiologar