Dronning Anne-krigen (1702–1713) var den nordamerikanske krigsskodeplassen i den spanske arvefølgjekrigen og den andre i ei rekkje franske og indianske krigar mellom Frankrike og England (seinare Storbritannia)I 1707 vart kongedøma England og Skottland samla som Storbritannia, og delte eit enkelt parlament i Westminster under Act of Union 1707. Etter dette slo dei skotske troppane seg saman med den engelske motparten i alle kolonikrigane. i Nord-Amerika for kontroll over kontinentet. Den spanske arvefølgjekrigen vart hovudsakleg utkjempa i Europa. I tillegg til dei to hovudpartane, omfatta krigen òg mange indianske stammer, allierte til kvar nasjon og Spania, som var allierte med Frankrike.
Krigen vart utkjempa på tre frontar: Spansk Florida og den engelske provinsen Carolina som gjekk til åtak på kvarandre, og engelskmennene gjekk til åtak på den franske basen i Mobile som i røynda var ein fullmaktskamp med hovudsakleg indianarar på begge sider. Den sørlege krigen førte til at den indianske populasjonen i Spansk Florida nesten vart utsletta, sjølv om han ikkje førte til særlege endringar i landområda. Det spanske misjonsnettverket i området vart øydelagd. Dei engelske koloniane i Ny-England kjempa mot franske og indianske styrkar basert i Acadia og Canada. Quebec vart fleire gonger angripen (men aldri teken) av britiske ekspedisjonar, og hovudstaden i Acadia, Port Royal vart teken i 1710. Franskmennene og indianarane utførte raid mot mål i Massachusetts (inkludert dagens Maine), mellom anna raidet på Deerfield i 1704. På Newfoundland kjempa engelske kolonistar basert ved St. John's om kontroll over øya med franskmennene basert i Plaisance. Det meste av konflikten bestod i økonomisk øydeleggande raid mot kvar sine busetnader. Franskmennene klarte å erobre St. John's i 1709, men britane tok han raskt attende etter at franskmennene forlet staden.
Etter ein innleiande fred i 1712, enda Utrecht-traktaten krigen i 1713. Han førte til at franskmennene avstod krava sine til områda Hudson Bay, Acadia og Newfoundland til Storbritannia, medan dei fekk behalde Cape Breton og andre øyar i St. Lawrence-bukta. Somme av vilkåra var fleirtydige, og interessene til dei forskjellige indianske stammene vart ikkje omfatta i avtalen, noko som danna grunnlag for framtidige konfliktar.
Bakgrunn
I 1701, etter at kong Karl II av Spania døydde i 1700, braut krigen ut over kven som skulle ta over den spanske trona. Sjølv om krigen først var avgrensa til nokre få stormakter i Europa, vart han i mai 1702 utvida då England erklærte krig mot Spania og Frankrike.Thomas, s. 405–407 Fiendskapen i Nord-Amerika vart ytterlegare tilskynda av mindre usemjer som alt eksisterte i grenseområda mellom koloniane til desse stormaktene. Denne disharmonien var mest merkbar langs den nordlege og sørvestlege grensa til dei engelske koloniane, som då strekte seg frå provinsen Carolina i sør til provinsen Massachusetts Bay i nord, med kolonibusetnader eller handelsstasjonar på Newfoundland og ved Hudsonbukta.Stone, s. 161, 165
Den totale folkesetnaden i dei engelske koloniane på denne tida er estimert til 250 000, med Virginia og Ny-England som dei dominerande.Craven, s. 288 Dei fleste innbyggjarane budde langs kysten, med mindre busetnader i innlandet, stundom så langt inn som til Appalachane.See e.g. the map in Winsor, p. 341, showing a 1687 map of the southeastern colonies Dei fleste europeiske kolonistane kjende lite til det indre av kontinentet, vest for Appalachane og sør for Dei store sjøane. Dette området var dominert av indianarar, sjølv om franske og engelske handelsmenn gjekk inn i området. Spanske misjonærar i La Florida hadde oppretta eit misjonsnettverk, og fredeleggjorde og omvende mange av dei lokale stammene til kristendom.Weber, s. 100–107 Den spanske populasjonen var relativt liten (kring 1500), og den indianske populasjonen dei styrte er estimert til å ha vore 20 000.Cooper and Terrill, s. 22 Franske utforskarar hadde funne munningen av Mississippielva, der dei i nærleiken oppretta ein liten kolonibusetnad i 1699 ved Fort Maurepas (nær dagens Biloxi i Mississippi).Weber, s. 158 Frå der byrja dei å opprette handelsruter inn i innlandet, og oppretta venlege forhold med choctawane, ei stor stamme som mellom anna hadde dei britisk-allierte chickasawfolka som naturlege fiendar.Crane, s. 385 Alle desse populasjonane vart til ein viss grad råka av eurasiatiske infeksjonssjukdomar som koppar innførte av tidlege utforskarar og handelsfolk.Waselkov and Hatley, s. 104
mini|Dronning Anne vart oppteken av konflikten under regjeringstida si. Då franskmennene dukka opp i sør, truga dette dei eksisterande handelsvegane som kolonistane i Carolina hadde oppretta i innlandet, og dei spanske territorialkrava, noko som skapte spaningar mellom dei tre maktene. Frankrike og Spania, som var allierte i denne krigen, hadde vore på motsette sider i den nyleg avslutta niårskrigen.Weber, s. 158–159 Territorialkrav mellom Carolina og Florida sør for Savannah-elva vart dekte av fiendskap over religiøse skilje mellom det romersk-katolske Spania og det protestantiske England langs kysten.Arnade, s. 32
I nord hadde konflikten ei sterk økonomisk side i tillegg til territorialkrava. På Newfoundland låg den britiske kolonien St. John's, og den franske kolonien Plaisance. Begge sidene hadde i tillegg nokre mindre permanente busetnader. Øya vart òg vitja av fiskarar frå Europa til tider av året.Drake, s. 115 Desse kolonistane, som var færre enn 2 000 engelskmenn og 1 000 franskmenn (i tillegg til fiskarane), kjempa mot kvarandre om fiskefelta på Grand Banks, som òg vart nytta av fiskarar frå Acadia (som då omfatta heile dagens Nova Scotia og New Brunswick) og Massachusetts.Pope, s. 202–203Drake, s. 115,203 Grenseområdet mellom Ny-Frankrike og Massachusetts (som då omfatta provinsen Maine) var òg utrygg. Det var ein fransk busetnad i Penobscot Bay nær staden der Castine i Maine ligg i dag, som alt hadde vore i konflikt under niårskrigen, og området mellom elvane Penobscot og Kennebec hadde vorte kjempa om i den krigen.Drake, s. 36 Grenseområda mellom Saint Lawrence-elva og kystbusetnadane i Massachusetts og New York vart framleis dominerte av innfødde (hovudsakleg abenaki og irokesarar), og korridoren Hudsonelva–Champlainsjøen hadde òg vorte nytta for ekspedisjonsraid i begge retningar i tidlegare konfliktar. Sjølv om den indianske trugselen hadde minka noko etter at populasjonen deira vart redusert av sjukdommar og den siste krigen, var dei framleis sett på som ein trugsel for fjerntliggande busetnader.Drake, s. 150
Områda kring Hudsonbukta (som engelskmennene kalla Prince Rupert's Land) var ikkje viktige nok til at dei vart kjempa om i denne krigen. Sjølv om dei hadde vore åstad for mykje strid mellom franske og engelske selskap frå 1680-åra av, let Ryswick-traktaten frå 1697 Frankrike i kontroll over alle utanom ein utpost ved bukta. Den einaste merkverdige hendinga var eit fransk åtak på den utposten, Fort Albany, i 1709.Newman, s. 87,109–124Bryce, s. 58 Hudson's Bay Company var misnøgde med at Ryswick ikkje hadde gjeve attende områda deira, og klarte med lobbyverksemd å få attende områda sine i forhandlingane som enda denne krigen.Newman, s. 127–128
Teknologi og organisasjon Den militære teknologien nytta i Nord-Amerika var ikkje kome like langt som i Europa. Berre nokre få kolonibusetnader hadde festningsverk i stein (mellom andre St. Augustine, Boston, Quebec og St. John's) ved byrjinga av krigen, sjølv om festningsverka til Port Royal vart ferdige tidleg i krigen.Shurtleff, s. 492; MacVicar, s. 45; Arnade, s. 32; Prowse, s. 211,223 Somme landsbyar nær grensene var verna av trepalisadar, men mange hadde lite meir enn forsterka trehus med skyteskår som forsvararane kunne skyte gjennom, og overhengande andreetasjar som dei kunne skyte ned på angriparar som prøvde å bryte inn under.Leckie, s. 231 Europearane var som regel utstyrte med glattløpa muskettar som hadde ei maksimal rekkevidd på kring 100 meter, men som var unøyaktige over halvparten av den avstanden. Somme kolonistar hadde òg spyd, medan indianarkrigarane anten fekk forsyningar av europearane eller nytta meir primitive våpen som tomahawkar og pil og boge. Nokre få kolonistar hadde trening i å operere kanonar og andre typar artilleri. Desse var dei einaste effektive våpna mot større forsvarsverk i stein eller tre.Peckham, s. 26
Engelske kolonistar var generelt organiserte i militskompani, og koloniane deira hadde ingen ståande armear utanom nokre fåtal soldatar i somme busetnader i Newfoundland.Prowse, s. 223 Dei franske kolonistane var òg organiserte i militsar, men dei hadde òg ein ståande styrke kalla troupes de la marine. Denne styrken bestod av somme erfarne offiserar, og vart bemanna av rekruttar sende over frå Frankrike. Dei utgjorde mellom 500 og 1200 mann, og var spreidde gjennom områda i Ny-Frankrike med konsentrasjonar i dei større busetnadane.Peckham, s. 27 Spansk Florida var forsvart av nokre få hundre stampersonell. Den spanske politikken gjekk ut på å fredeleggjere indianarane i områda og ikkje gje dei våpen. Denne politikken fekk katastrofale følgjer: før krigen var det estimert kring 8 000 indianarar i Florida, men dette vart redusert til 200 etter engelske raid tidleg i krigen.Wright, s. 65
Krigsforløpet Florida og Carolina Viktige franske og engelske kolonistar forstod på starten av 1700-talet at kontroll over Mississippielva kunne få ei viktig rolle i den framtidige utviklinga og handelen, og utvikla kvar for seg visjonære planar for å hindre aktivitetane til kvarandre. Den fransk-kanadiske utforskaren Pierre Le Moyne d'Iberville hadde etter den siste krigen utvikla eit «Project sur la Caroline», som gjekk ut på å opprette forhold med dei innfødde i nedslagsfeltet til Mississippi og så påverke dei til å presse engelskmennene bort frå kontinentet, eller i det minste avgrense dei til kystområda. For å klare denne store strategien oppdaga han munningen av Mississippi på ny (som først vart funnen av La Salle i 1670), og oppretta Fort Maurepas i 1699. Frå denne basen og Fort Louis de la Mobile (grunnlagd i 1702),Peckham, s. 58 byrja han å opprette forhold med dei lokale Choctaw, Chickasaw, Natchez og andre stammer.Waselkov and Hatley, s. 105–137
mini|Pierre Le Moyne d'Iberville var viktig i dei franske forsøka på å ta kontroll over Mississippielva og handelen i sør. Engelske handelsmenn og utforskarar frå Carolina hadde, sidan det vart grunnlagd i 1670, alt oppretta eit omfattande handelsnettverk i den søraustlege delen av kontinentet som strekte seg heile vegen til Mississippi.Crane, s. 382 Leiarane, som hadde lite respekt for spanjolane i Florida, forstod trugselen som franskmennene som hadde kome til kysten utgjorde. Både Joseph Blake, guvernøren i Carolina fram til han døydde i 1700, og James Moore, som overtok etter Blake i 1702, la fram visjonar om å utvide sørover og vestover på kostnad av franske og spanske interesser.Crane, s. 380
I januar 1702, før krigen braut ut i Europa, hadde Iberville møtt spanjolane og anbefalt dei om at indianarane i Appalachane måtte utrustast med våpen og sendast mot engelskmennene og deira allierte. Spanjolane organiserte ein ekspedisjon under Francisco Romo de Uriza som forlet Pensacola i august for handelssentera i innlandet i Carolina. Engelskmennene, som hadde fått varsel om ekspedisjonen i forkant, organiserte eit forsvar øvst ved Flint-elva og utsletta den spanske styrken og opp mot 500 indianarar på den spanske sida vart drepne eller fanga.Oatis, s. 49–50