Afrikaskjeggfuglfamilien, Lybiidae, er ein fuglefamilie som samlar skjeggfuglar i Afrika. Dei var tidlegare sameint med sine amerikanske og asiatiske slektningar i Capitonidae i ganske lang tid. Det er i alt 42 artar av afrikaskjeggfuglar, inkludert 6 koparslagarar, slekta Pogoniulus. Dei finst i heile Afrika sør for Sahara, med unntak av lengst sørvest i Sør-Afrika.

Skildring og økologi Dei er vanlegvis 20-25 cm lange, fyldige utsjånad, med store hovud, og det tunge nebbet har taggete kant. Koparslagarar er mindre, ned til raudgumpkoparslagar, Pogoniulus atroflavus på berre 7 gram og 9 cm i lengd.

Dette er hovudsakleg einslege fuglar, beitar på insekt og frukt.

Detaljar omkring hekkevanar til afrikaskjeggfuglar er enno ikkje kjente. Reiret er i regelen bygd i hekkar i hòl i trestammar, men ulikt Piciformes flest, hekkar nokre sosiale artar ved elvebredder eller i termittuer. Vanlegvis legg dei mellom 2 og 4 egg , eit unntak er sahelperleskjeggfugl som legg opp til 6. Egga blir ruga i 13-15 dagar. Oppgåvene ved hekking blir delt mellom begge foreldra.

Det har vore generelt lite kontakt mellom Lybiidae-artar og menneske. Nokre av artane som krev primærskog har no nedgang i bestanden på grunn av avskoging, nokre gongar til fordel for nære slektningar. Tapet av høglandsskogane i Kenya, til dømes, førte med seg at grønkoparslagar nesten forsvann medan raudpannekoparslagar utvida utbreiinga si.

Taksonomi Slektene i Lybiidae var tidlegare ofte med i ein parafyletisk familie Capitonidae av alle verdas skjeggfuglar, men nyleg vanlegvis rekna som sin eigen familie Lybiidae avgrensa til skjeggfuglar i Afrika.

Artslista mini|høgre|Topperleskjeggfugl, Trachyphonus vaillantii mini|høgre|Kvitbrynskjeggfugl, Stactolaema leucotis Afrikaskjeggfuglar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Slekt Trachyphonus Praktperleskjeggfugl, Trachyphonus purpuratus, Yellow-billed Barbet, Verreaux, J & Verreaux, E, 1851, (LC) Topperleskjeggfugl, Trachyphonus vaillantii, Crested Barbet, Ranzani, 1821, (LC) Termittperleskjeggfugl, Trachyphonus erythrocephalus, Red-and-yellow Barbet, Cabanis, 1878, (LC) Sahelperleskjeggfugl, Trachyphonus margaritatus, Yellow-breasted Barbet, Cretzschmar, 1828, (LC) Småperleskjeggfugl, Trachyphonus darnaudii, D'Arnaud's Barbet, Prévost & Des Murs, 1847, (LC)

Slekt Gymnobucco Gråstrupeskjeggfugl, Gymnobucco bonapartei, Gray-throated Barbet, Hartlaub, 1854, (LC) Kongoskjeggfugl, Gymnobucco sladeni, Sladen's Barbet, Ogilvie-Grant, 1907, (LC) Børsteskjeggfugl, Gymnobucco peli, Bristle-nosed Barbet, Hartlaub, 1857, (LC) Nakenhovudskjeggfugl, Gymnobucco calvus, Naked-faced Barbet, Lafresnaye, 1841, (LC)

Slekt Stactolaema Kvitbrynskjeggfugl, Stactolaema leucotis, White-eared Barbet, Sundevall, 1850, (LC) Kvitvengskjeggfugl, Stactolaema whytii, Whyte's Barbet, Shelley, 1893, (LC) Gulmaskeskjeggfugl, Stactolaema anchietae, Anchieta's Barbet, Barboza du Bocage, 1869, (LC) Olivenskjeggfugl, Stactolaema olivacea, Green Barbet, Shelley, 1880, (LC)

Slekt Pogoniulus Fregnekoparslagar, Pogoniulus scolopaceus, Speckled Tinkerbird, Bonaparte, 1850, (LC) Grønkoparslagar, Pogoniulus simplex, Green Tinkerbird, Fischer, GA & Reichenow, 1884, (LC) Skjeggkoparslagar, Pogoniulus leucomystax, Moustached Tinkerbird, Sharpe, 1892, (LC) Gulnakkekoparslagar, Pogoniulus coryphaea, Western Tinkerbird, Reichenow, 1892, (LC) Raudgumpkoparslagar, Pogoniulus atroflavus, Red-rumped Tinkerbird, Sparrman, 1798, (LC) Gulstrupekoparslagar, Pogoniulus subsulphureus, Yellow-throated Tinkerbird, Fraser, 1843, (LC) Gulgumpkoparslagar, Pogoniulus bilineatus, Yellow-rumped Tinkerbird, Sundevall, 1850, (LC) Raudpannekoparslagar, Pogoniulus pusillus, Red-fronted Tinkerbird, Dumont, 1805, (LC) Gullpannekoparslagar, Pogoniulus chrysoconus, Yellow-fronted Tinkerbird, Temminck, 1832, (LC)

Slekt Buccanodon Skjelskjeggfugl, Buccanodon duchaillui, Yellow-spotted Barbet, Cassin, 1855, (LC)

Slekt Tricholaema Hårbrystskjeggfugl, Tricholaema hirsuta, Hairy-breasted Barbet, Swainson, 1821, (LC) Diademskjeggfugl, Tricholaema diademata, Red-fronted Barbet, Heuglin, 1861, (LC) Miomboskjeggfugl, Tricholaema frontata, Miombo Barbet, Cabanis, 1880, (LC) Akasieskjeggfugl, Tricholaema leucomelas, Pied Barbet, Boddaert, 1783, (LC) Tåreskjeggfugl, Tricholaema lacrymosa, Spot-flanked Barbet, Cabanis, 1878, (LC) Krattskjeggfugl, Tricholaema melanocephala, Black-throated Barbet, Cretzschmar, 1829, (LC)

Slekt Lybius Bølgjeskjeggfugl, Lybius undatus, Banded Barbet, Rüppell, 1837, (LC) Bloddropeskjeggfugl, Lybius vieilloti, Vieillot's Barbet, Leach, 1815, (LC) Kvithovudskjeggfugl, Lybius leucocephalus, White-headed Barbet, de Filippi, 1853, (LC) Fregneskjeggfugl, Lybius chaplini, Chaplin's Barbet, Clarke, S, 1920, (VU) Raudmeskjeggfugl, Lybius rubrifacies, Red-faced Barbet, Reichenow, 1892, (NT) Svartnebbskjeggfugl, Lybius guifsobalito, Black-billed Barbet, Hermann, 1783, (LC) Krageskjeggfugl, Lybius torquatus, Black-collared Barbet, Dumont, 1805, (LC) Brunbelteskjeggfugl, Lybius melanopterus, Brown-breasted Barbet, Peters, W, 1854, (LC) Oransjebukskjeggfugl, Lybius minor, Black-backed Barbet, Cuvier, 1816, (LC) Totannskjeggfugl, Lybius bidentatus, Double-toothed Barbet, Shaw, 1799, (LC) Svartbelteskjeggfugl, Lybius dubius, Bearded Barbet, Gmelin, 1788, (LC) Trikolorskjeggfugl, Lybius rolleti, Black-breasted Barbet, de Filippi, 1853, (LC)

Kjelder Denne artikkelen starta med ei omsetjing frå «Lybiidae» frå , den 10. mai 2011

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skjeggfuglar Kategori:Fuglar i den afrotropiske regionen