Ricky Gardiner () er ein skotsk gitarist og låtskrivar.
Han har spelt i sitt eige band, Beggars Opera, og med David Bowie og Iggy Pop. For Bowie spelte han sologitar på albumet Low i 1977. Han arbeidde med Pop på Lust for Life same året. Albumet inkluderte «The Passenger», som vert rekna som ein av dei beste songane til Iggy Pop. Gardiner skreiv musikken for denne songen. Bowie-biografen David Buckley skildra songen som «besett med ein av dei beste gitarriffa gjennom tidenen».
Sidan 1970-åra har Gardiner spelt og skrive songar innan mange stilartar, mellom anna ambient, klassisk musikk og rock and roll.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ricky Gardiner» frå , den 8. mai 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Intervju med Gardiner Heimeside
Kategori:Skotske gitaristar Kategori:Folk frå Edinburgh