Seljord kyrkje er ei langkyrkje frå midten av 1100-talet som står i Seljord kommune i Telemark.
Kyrkja vart bygd i 1150-1180 i tidleg romansk stil, vigsla Heilag-Olav. Våpenhuset er truleg leivningane etter ei lita stavkyrkje som vart flytta frå garden Kåvadalen i Nordbygdi i Seljord på midten av 1600-talet.
Byggverket er i stein og har 190 plassar.
På nordsida av kyrkja kan ein sjå eit andlet i veggen, som i fylgje segner skal vera Heilag-Olav. Ei anna segn seier at kyrkja vart bygd av ein tuss, og då han skulle sette på plass spiret på toppen av kyrkjetårnet datt han ned og døydde. Der han datt ned veks det ikkje gras den dag i dag.
Referansar
Bilete
Bakgrunnsstoff
Om Seljord kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja
Kategori:Kyrkjer i Seljord Kategori:Kyrkjer i Øvre Telemark prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Kulturminne i Seljord Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme Kategori:Freda bygg i Telemark