«Quicksand» er ein song skriven av David Bowie i 1971 for albumet Hunky Dory, spelt inn 14. juli 1971.Kevin Cann (2010). Any Day Now - David Bowie: The London Years: 1947-1974: pp.223-224 Det vert nytta fleire spor med akustiske gitarar på denne balladen og eit strykearrangement av Mick Ronson. Produsent Ken Scott, som nyleg hadde vore lydteknikar på George Harrison-albumet All Things Must Pass, prøvde å skape ein liknande mektig akustisk lyd på denne songen.David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.115

Komposisjon

Songen er om fortviling og bedrag med nazi-referansar og eit refreng som fortel lyttarane om å gje opp håpet. «Quicksand» gjev ingen forsikringar og eller fellesskap. Songaren kunne ha vore ein galen mann på randa av total kollaps, eller nokon (som heltinna i «Life on Mars?») som sit i ein kinosal og vert bombardert av ustoppelege, grufulle bilete. Teksten indikerer at livet ikkje berre er ein illusjon, men at føremålet aldri kjem til å bli avslørt, uavhengig av religion, guru eller førestelnad. «Knowledge comes with death’s release» («Kunnskap kjem med døden») er den einaste positive bodskapen.

Tekstmessig er songen, som mange av dei andre songane til Bowie på denne tida, påverka av buddhisme, okkultism og konseptet til Friedrich Nietzsche om overmennesket. Han syner til det magiske samfunnet Golden Dawn og nemner ein av dei mest kjende medlemmane, Aleister Crowley, i tillegg til Heinrich Himmler, Winston Churchill og Juan Pujol (kodenamn Garbo).David Sheppard (2007). "Wishful Beginnings", MOJO 60 Years of Bowie: s.24 Det som er nytt i denne songen, samanlikna med tidlegare Bowie-songar er at han nemner Himmler, syng om løgnene til Churchill og den «heilage» mytologien til naziriket. Dette kulminerte med ei open flørting med nazibilete i midten av 1970-åra og i «Station to Station», som er den mest fascistiske plata hans.

Mottaking

NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray har skildra sone som «Bowie i hans mørkaste og mest metafysiske stemning»,Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.41 medan ei nyare melding i Rolling Stone la merke til «særs god synging» og «vakkert gitarmotiv».

Andre utgjevingar

Songen vart gjeven ut som B-sida til singelen «Rock 'n' Roll Suicide» i april 1974. RCA inkluderte songen i biletdisk-serien Life Time. Ein demoversjon av songen vart gjeven ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av Hunky Dory i 1990.

Bowie spelte «Quicksand» som ein del av ein medley i 1973, og spelte så ikkje songen igjen før i 1997, då han spelte ein ny versjon for BBC og byrja å spele han på konsertane sine igjen.

Medverkande David Bowie: solovokal, akustisk gitar Mick Ronson: akustisk gitarar, Mellotron, strykearrangement Trevor Bolder: bassgitar Rick Wakeman: piano Mick Woodmansey: trommer

Andre versjonar

Dinosaur Jr. – singel (1991) (Dinosaur Jr. har gjort fleire endringar i teksten) Seu Jorge - ein portugisisk versjon for filmen The Life Aquatic with Steve Zissou (2004) Seal - innspeling for MTV Robert Smith - konsertopptak med David Bowie (1997) End of Fashion - del av den australske radiostasjonen Triple J sin Like a Version-serie (2005) Aslan - på Uncase'd i 2009 Abbeyvein - .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006) Rainbow Arabia - We Were So Turned On: A Tribute to David Bowie (2010) Züri West - Tribsand (på tysk) på Aloha from Züri West (2004)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Quicksand (David Bowie song)» frå , den 1. mai 2011. oppgav desse kjeldene: Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1971 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av Ken Scott Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Songar om sjølvmord