«All the Madmen» er ein song skriven av David Bowie i 1970 for albumet The Man Who Sold the World, gjeven ut i november i USA og april 1971 i Storbritannia. Songen er ein av fleire på albumet som omhandlar galskap, og er blitt sagt å skildre ei verd med «så stor mangel på fornuft at dei siste vettige folka er dei som held til på sinnsjukehuset.»Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.38

Bakgrunn Familien til Bowie, på morssida hans, var plaga av mental sjukdom. Tanta til Una hadde vore innlagd for depresjon og schizofreni, og fekk elektrosjokkbehandling før ho døydde seint i 30-åra. Ei anna tante hadde schizofrene episodar, medan ei tredje hadde blitt lobotomisert.

Mest av alt var det sonen til mora, eller halvbroren til David Bowie, Terry Burns som etter kvart fekk diagnosen paranoid schizofreni. I 1966, då Bowie og Burns var på veg til ein Cream-konsert, fall Burns skrikande ned på gata og hevda han såg flammar stige opp av sprekkar i fortauet. Då The Man Who Sold the World vart spelt inn, var Burns blitt innlagt på Cane Hill Hospital i London. Bowie frykta at noko liknande kunne skje med han sjølv, og dette låg bak mykje av musikken hans i 1970-åra som handla om identitet, kontroll, galskap og frykt.

Musikk og tekst

Songen opnar med akustisk gitar og blokkfløyte, og skaper ein atmosfære som Bowie-biografen David Buckley skildra som «barneliknande galskap»,David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.99-102 før han vert omforma til ein tung rockesong med elektrisk gitar av Mick Ronson og Moog synthesizer, spelt av Ralph Mace. Seinare spelar Ronson melodisk sologitar, før han går attende til tunge riff og så melodisk sologitar att når songen går mot slutten. Tilfeldigvis spelte Ronson same året sologitar på Elton John-songen «Madman Across the Water».

Songar endar med setninga «Zane zane zane, ouvrez le chien». Den siste setninga tyder bokstavleg talt «opne hunden» på fransk og syner til ei setning i Also sprach Zarathustra: «Thy wild dogs want liberty; they bark for joy in their cellar when thy spirit endeavoureth to open all prison doors.»http://nietzsche.thefreelibrary.com/Thus-Spake-Zarathustra/10-1

Produksjonen av songen gjorde nytte av varispeed-vokal, som Bowie først hadde nytta for komisk effekt på «The Laughing Gnome» i 1967. Bowie har sagt at songen var skriven for og om halvbroren Terry, som var schizofren og innlagt på Cane Hill mentalsjukehus (avbilda på det originale amerikanske omslaget til The Man Who Sold the World) før han tok sjølvmord i 1985.Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.22 Teksten inneheld referansar til lobotomi, det beroligande middelet Librium og EST, eller elektrosjokkbehandling, ein kontroversiell behandling av somme typar djup depresjon og mentale sjukdommar.

Utgjeving og ettermæle Songen var det andre sporet på The Man Who Sold the World og vart gjeven ut av Mercury Records i forkorta form som ein promosingel (med same song på begge sider av plata) i USA i desember 1970, før turneen til Bowie starta der tidleg i 1971. Ei offisiell utgjeving som singel med «Janine» frå det førre albumet hans David Bowie som B-side var planlagt, men skrinlagd."All the Madmen" at Illustrated db Diskografi I juni 1973 gav RCA Records, som hadde gjeve ut albumet på ny året før, «All the Madmen» ut som singel i Aust-Europa, med «Soul Love» frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars som B-side.

Det einaste opptaket av Bowie som spelar songen i 1970-åra var på ein fest i Los Angeles hos Rodney Bingenheimer tidleg i 1971. Dette dårlege opptaket dukka opp i 2004 i ein dokumentarfilm om livet til Bingenheimer, Mayor of the Sunset Strip.

Bowie spelte songen på turneen Glass Spider i 1987, men han kom ikkje med på videoutgjevinga frå konsertane før ei spesialutgåve kom på DVD i 2007, der han berre var med som eit lydspor. I lag med «After All», frå same albumet, har det «gotiske melodramaet» i «All the Madmen» vorte sagt å ha hatt stor innverknad på band som Siouxsie and the Banshees, The Cure og Nine Inch Nails.

Andre utgjevingar

I tillegg til singelen i Aust-Europa i 1973, kom songen ut på den russiske samleplata Starman i 1989.

I 2015 vart den kortare singel-versjonen av songen offisielt gjeven ut for første gongen på Re:Call 1, ein del av samleboksen Five Years (1969–1973).

Andre versjonar

Alien Sex Fiend – Goth Oddity - A Tribute to David Bowie. Ein remix kalla «Padded Cell mix». Jeannie Lewis – Till Time Brings Change (1980) Max Lorentz – Kiss You in the Rain - Max Lorentz sings David Bowie (2011)

Medverkande David Bowie: vokal, akustisk gitar Mick Ronson: elektrisk gitar, korvokal Tony Visconti: bass guitar, recorders, backing vocals Woody Woodmansey: drums Ralph Mace – Moog modular synthesizer

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «All the Madmen» frå , den 30. april 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff All The Madmen på ICELIA

Kategori:David Bowie-songar Kategori:Songar frå 1970 Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar produserte av Tony Visconti Kategori:Songar om galskap