Mick «Woody» Woodmansey () er ein engelsk trommeslagar frå Driffield i Yorkshire, mest kjend for arbeidet sitt med David Bowie og The Spiders from Mars. Han spelte på Bowie-albuma The Man Who Sold the World (1970), Hunky Dory (1971), The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars (1972) and Aladdin Sane (1973).

Woodmansey vart erstatta i The Spiders from Mars av Aynsley Dunbar, som spelte på det neste albumet til Bowie i 1973, Pin Ups. Woodmansey danna The Spiders from Mars for eitt album, i lag med bassisten Trevor Bolder. Dei måtte nytte Dave Black på sologitar fordi Mick Ronson var utilgjengeleg og Pete McDonald song solovokal. Dei hadde med seg klaverspelaren Mike Garson, som hadde vore ein viktig del av bandet til Bowie i Ziggy Stardust-tida. Bowie medverka ikkje i det heile til albumet kalla The Spiders From Mars.

Etter at the Spiders var endeleg oppløyst, danna han bandet Woody Woodmansey's U Boat, med Phil Murray, Frankie Marshall, Phil Plant og etter kvart Martin Smith, og dei gav ut debutalbumet U Boat i 1977.Woody Woodmansey's U Boat - U Boat, 1977: WindowsMedia.com website.

Woodmansey har òg spelt med Art Garfunkel.Art Garfunkel collaboration: ArtGarfunkel.com website.

Han spelte i bandet Cybernauts,Cybernauts band membership: DefLeppard.com website section. og er i dag trommeslagar i 3-D.

Diskografi Med David Bowie The Man Who Sold the World (1970) Hunky Dory (1971) The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars (1972) Aladdin Sane (1973) Ziggy Stardust - The Motion Picture (konsertopptak frå 1973, gjeven ut i 1983) Santa Monica '72 (konsertopptak frå 1972, gjeven ut i 1994)

Med Dana Gillespie Weren't Born a Man (1974)

Med The Spiders From Mars Spiders from Mars (1976)

Med Woody Woodmansey's U-Boat Woody Woodmansey's U-Boat (1977)

Med Cybernauts Cybernauts Live (2001)

Med 3-D Future Primitive (2008)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mick Woodmansey» frå , den 28. april 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Den offisielle heimesida

Kategori:Engelske trommeslagarar Kategori:Folk frå Yorkshire Kategori:David Bowie