Brian Peter George St. John le Baptiste de la Salle EnoEstrella, Espie Ambient Music, about.com (), ofte berre forkorta til Brian Eno og tidlegare berre kjend som Eno, er ein engelsk musikar, låtskrivar, plateprodusent, musikkteoretikar, songar og visuell artist, mest kjend som ein av artistane som skapte ambient musikk.AllMusic, Explore Music, "[ Ambient]"
Eno studerte ved kunstskule, og henta inspirasjon frå minimalistiske måleri, men hadde lite musikalsk utdanning eller erfaring med å spele musikk før han vart med i Roxy Music på tangentinstrument og synthesizerar tidleg i 1970-åra. Suksessen til Roxy Music i glamrockmiljøet kom raskt, men Eno vart raskt trøytt av konfliktane med songaren Bryan Ferry, og av turnelivet, så han forlet bandet etter dei gav ut For Your Pleasure (1973). Han starta så ein solokarriere med kunstrockplatene Here Come the Warm Jets (1974) og Taking Tiger Mountain (By Strategy) (1974).
Eno gjekk så inn i meir eksperimentell musikk med No Pussyfooting (1973) og Evening Star (1975), begge samarbeid med Robert Fripp, The Lamb Lies Down on Broadway (1974) av Genesis der han er tilskriven med «Enossification», og dei viktige soloalbuma Another Green World (1975) og Discreet Music (1975). Pionerarbeidet hans innan ambient med «lydlandskap» starta å ta opp meir av tida hans, frå og med Ambient 1/Music for Airports (1978) og seinare Apollo: Atmospheres and Soundtracks (1983) som vart komponert for dokumentarfilmen For All Mankind. Eno heldt likevel fram med å synge på nokre av platene sine, som på Before and After Science (1977) til Wrong Way Up (1990) med John Cale til det nyaste Another Day on Earth (2005).
Soloarbeidet til Eno har hatt stor innverknad, og han har vore ein pioner innan ambient og generativ musikk, innovative produksjonsteknikkar og ved å legge vekt på «teori over praksis».Jason Ankeny, [ ((( Brian Eno > Biography )))], allmusic Han medverka òg til å gjere konseptet tilfeldig musikk populært, delvis gjennom samarbeid med andre artistar.Prendergast, Mark The Ambient Century, Bloomsbury UK, 2000. ISBN 0747542139 Mot slutten av 1970-åra hadde Eno arbeidd med David Bowie på «Berlintriologien», hjelpt til imed å gjere det amerikanske punkrockbandet Devo og den punkaktige «No Wave»-sjangeren populære, og ofte arbeidd med Harold Budd, John Cale, Cluster, Robert Fripp og David Byrne, som han produserte det påverkande My Life in the Bush of Ghosts (1981) med. Han produserte og spelte på tre album av Talking Heads, mellom anna Remain in Light (1980); produserte sju album for U2, inkludert The Joshua Tree (1987); og arbeidde på plater med James, Laurie Anderson, Coldplay, Depeche Mode, Paul Simon, Grace Jones og Slowdive, blant andre.
Eno driv med multimediaføretak parallelt til musikkarrieren, med kunstinstallasjonar, faste spalter i avisa The Observer og Prospect og «Oblique Strategies» (skriven med Peter Schmidt), som er kortstokk med kryptiske kommentarar eller tilfeldig innsikt som er meint å løyse forskjellige dilemma. Han samarbeider framleis med andre musikarar, produserer plater og gjev ut sin eigen musikk.
Utdanning og tidleg musikkarriere
Brian Eno vart fødd i 1948 i Woodbridge i Suffolk, og fekk utdanning ved St Joseph's College i Birkfield i Ipswich, som vart grunnlagd av St John le Baptiste de la Salle-ordenen, Ipswich Art School i Roy Ascott's Groundcourse; og Winchester School of Art, der tok eksamen i 1969. I skulen nytta han lydbandopptakar som musikkinstrument og eksperimenterte med sine første, ofte improvisasjonsbaserte band. Læraren på St. Joseph's College teacher og målaren Tom Phillips oppfordra han, og hugsa å spele «Piano Tennis» med Eno, der dei samla saman piano, kledde av dei og plasserte dei i ein hall, der dei kasta tennisballar på dei. Frå dette samarbeidet vart han involvert i Cornelius Cardew sitt Scratch Orchestra. Dei gav først ut ei innspeling der Eno spelar kalla The Great Learning (Feb. 1971). Ei anna tidleg innspeling var filmmusikken til Berlin Horse av Malcom Le Grice som kom ut i 1970 og vart presentert i 1971.
Roxy Music
Den profesjonelle musikkarrieren til Brian Eno byrja i London, som medlem (1971–1973) av glam/kunstrockbandet Roxy Music, i starten ikkje med dei på scenen i det heile, men opererte miksebordet, og laga lydar for bandet med ein VCS3-synthesizer og bandopptakar, og song korvokal. Han vart sidan med dei på scenen og spelte som eit medlem av bandet, ofte i prangande kostyme. Han slutta i bandet etter å ha gjort ferdig turneen deira etter det andre albumet, For Your Pleasure etter usemjer med songaren Bryan Ferry og at han var lei av livet som rockestjerne.
I 1992 skildra han perioden i Roxy Music som viktig for karrieren: «Etter at eg gjekk inn på ein undergrunnsstasjon og møtte Andy [saksofonist Andy Mackay], vart eg med Roxy Music, og som følgje av dette fekk eg ein karriere innan musikk. Om eg hadde gått ti meter lenger på den perrongen, eller ikkje nådd toget, eller vore i den neste vogna, så hadde eg truleg vore ein kunstlærar no.». I perioden med Roxy Music, og på dei tre første soloalbuma sine, vart han berre omtalt som 'Eno'.
Soloarbeid Eno la ut på ein solokarriere nesten like etter han forlet Roxy Music. Mellom 1973 og 1977 spelte hann inn fire album med stort sett elektroniske popsongar – Here Come the Warm Jets, Taking Tiger Mountain (By Strategy), Another Green World og Before and after Science. Dei to sistnemnde inneheld songar med minimale instrumentstykke i såkalla ambient-stil. Tiger Mountain inneheld den galopperande «Third Uncle», ein av dei mest kjende songane til Eno og seinare spelt av Bauhaus. Kritikar Dave Thompson skildrar songen som «eit nær punk-åtak med gitarriff og skramlande perkusjon, og kunne i andre hender ha vore ein heavy metal-klassikar, sjølv om tekstinnhaldet ville ha gjort dei mest slaviske luftgitaristane mållause.»
Desse fire albuma vart nymastra og gjeven ut på ny i 2004 av Virgin sitt Astralwerks. Sidan Eno ikkje ønskte å legge til ekstraspor, er det ein handfull opphavleg gjevne ut som singlar, som ikkje er gjevne ut på CD.
I denne perioden spelte òg Eno tre konsertar med Phil Manzanera i bandet 801, ei «supergruppe» som spelte meir eller mindre omforma versjonar av songar frå albuma til Eno, Manzanera og Quiet Sun, i tillegg til songar av The Beatles og The Kinks.
mini|Eno på TopPop i 1974. I 1972 utvikla Eno eit forseinkingssystem først nytta av Eno og Robert Fripp (frå King Crimson), skildra som 'Frippertronics', og paret gav ut eit album i lag i 1973 kalla (No Pussyfooting). Det er sagt at teknikken vart lånt frå minimalistmusikaren Terry Riley, som laga eit forseiknikngssystem med eit par Revox-opptakarar (eit system Riley på denne tida kalla «Time Lag Accumulator») og som først vart nytta på Riley-albumet Music for the Gift i 1963. I 1975 gav Fripp og Eno ut eit nytt album, Evening Star, og spelte fleire konsertar i lag i Europa.
Eno var eit viktig medlem i performance art og det klassiske orkesteret Portsmouth Sinfonia – etter å ha starta å spele med dei i 1972. I 1973 produserte han det første albumet til orkesteret, The Portsmouth Sinfonia Plays the Popular Classics (utgjeven i mars 1974) og i 1974 produserte han konsertalbumet Hallellujah! The Portsmouth Sinfonia Live At The Royal Albert Hall på den kjende konserten deira i mai 1974 (utgjeven i oktober 1974.) I tillegg til å ha produsere begge albuma deira, spelte Eno klarinett på begge innspelingane. Eno nytta òg den kjende disharmoniske strykeseksjonen i orkesteret på det andre soloalbumet hans Taking Tiger Mountain (By Strategy). Orkesteret hadde på denne tida andre musikarar som han seinare gav ut soloalbum med på selskapet sitt Obscure, Gavin Bryars og Michael Nyman. Dette året komponerte han òg musikk for albumet Lady June's Linguistic Leprosy, med Kevin Ayers, som akkompagnement for diktaren June Campbell Cramer.
Eno heldt fram karrieren med å produsere stadig meir ambiente elektroniske og akustiske album. Han er i hovudsak rekna som opphavsmannen til omgrepet «ambient musikk»,Prendergast, The Ambient Century: s.93 ein lågmælt musikk som er utforma for endre oppfatninga ein har av omgjevnadane sine.
Det første verket hans i denne stilen, Discreet Music frå 1975 (igjen skapt med utførleg forseinkingsteknikkar, som Eno skisserte på baksida av plateomslaget), vert rekna som eit landemerke innan sjangeren. Dette vart følgd opp av Ambient-serien hans (Music for Airports (Ambient 1), The Plateaux of Mirror (Ambient 2), Day of Radiance (Ambient 3) og On Land (Ambient 4)). Eno var den viktigaste musikaren på desse platene, med unntak av Ambient 2 der Harold Budd spelte tangentar, og Ambient 3 der den amerikanske låtskrivaren Laraaji var den einaste musikaren på sitar og dulcimer med Eno som produsent.
I 1980 laga Eno filmmusikken til Herbert Vesely sin Egon Schiele Exzess und Bestrafung. Den ambient-aktige musikken var eit uvanleg musikkval for eit historisk stykke, men det fungerte effektivt med temaa i filmen om seksuelle tvangstankar og død.
I 1981 kom Eno attende frå ei reise til Ghana og før On Land, oppdaga han Miles Davis-songen «He Loved Him Madly» frå 1974, ei melankolsk hyllest til Duke Ellington påverka av både afrikanske musikk og Karlheinz Stockhausen. Som Eno skreiv i plateomslaget til On Land, «den revolusjonerande produksjonen til Teo Macero på dette stykket verka for meg å ha den «romlege» kvaliteten eg var etter, og som Federico Fellini-filmen Amarcord frå 1973, vart det ein prøvestein eg stadig vendte attende til.»
Eno skildrar seg sjølv som «ikkje-musikar» og var opphavet til uttrykket «handsamingar» for å skildre endringane han gjorde i lyden til musikkinstrument. Dette var for å skilje rolla si frå dei tradisjonelle musikarane. Han nytta «studio som eit låtskrivarverktøy» og førte delvis til karrieren hans som produsent. Metodane hans vart på midten av 1970-åra rekna som unike, til så stor grad at han på Genesis-albumet The Lamb Lies Down on Broadway, er han tilskriven med 'Enossification'; på Robert Wyatt sitt Ruth Is Stranger Than Richard med ein Direct inject anti-jazz raygun og på John Cale sine Island-album som berre å vere «Eno».
Obscure Records
Eno starta Obscure Records i Storbritannia i 1975f or å gje ut album av mindre kjende artistar. Den første i gruppa av tre utgjevingar inkluderte hans eige Discreet Music, og det no kjende The Sinking of the Titanic (1969) og Jesus' Blood Never Failed Me Yet (1971) av Gavin Bryars. Den andre sida av Discreet Music bestod av fleire versjonar av Pachelbels Kanon, komposisjonen Eno tidlegare hadde vald ut til å spelast før Roxy Music kom inn på scenen. Her hadde han nytta algoritmiske transformasjonar slik at verket nesten ikkje var til å kjenne att. Side 1 bestod av ei bandsløyfe for å generere musikk frå relativt sparsamt instrument. Desse lydbanda hadde vorte nytta som bakgrunn i samarbeida hans med Fripp, mest merkbart på Evening Star. Det vart berre gjeven ut 10 album på Obscure, inkludert album av John Adams, Michael Nyman og John Cage. På denne tida var han òg tilknytt artistar i Fluxus-miljøet.
Samarbeid I 1975 samarbeidde Eno med the Wolf i ein rockeversjon av Sergej Prokofjev sin klassiske Peter og ulven. Produsert av Robin Lumley og Jack Lancaster, deltok Gary Moore, Manfred Mann, Phil Collins, Stephane Grapelli, Chris Spedding, Cozy Powell, Jon Hiseman, Bill Bruford og Alvin Lee på albumet. I 1975 spelte òg Eno synthesizer og gjorde handsamingar på Quiet Sun-albumet Mainstream i lag med Phil Manzanera, Charles Hayward, Dave Jarrett og Bill MacCormick, og han spelte og medverka med songar og vokal på Phil Manzanera-albumet Diamond Head.
I 1980–1981 samarbeidde Eno med David Byrne frå Talking Heads på My Life in the Bush of Ghosts, som var bygd kring radiosendingar Eno samla inn då han budde i USA, i lag med samplingar frå innspelingar frå heile verda, hovudsakleg inspirert av afrikanske og arabiske rytmar.