mini|240px|Hollywood Boulevard sett frå Kodak Theatre mini|Bilkjøring i gata ved byrjinga av 1900-talet.
Hollywood Boulevard (tidlegare: Prospect Avenue) er ei berømt gate i Hollywood, no ein del av Los Angeles, i California.
Gata byrjar ved Sunset Boulevard i aust og går vest til Sunset Plaza Drive. Ho passerer Little Armenia og Thai Town. Frå 1887 til 1910 hadde gata namnet «Prospect Avenue». Etter at Hollywood vart ein del av Los Angeles, bytta gata namn til Hollywood Boulevard.
Hendingar mini|Hollywood Walk of Fame
Gata er årleg åstad for eit juleopptog, Hollywood Christmas Parade, på sundagen etter Thanksgiving. I 1946 var Gene Autry med i opptodget og høyrde tilskodarar ropa «Here comes Santa Claus, here comes Santa Claus!». Dette inspirert han til å skriva den kjende songen «Here Comes Santa Claus» saman med Oakley Haldeman.«Home - The Hollywood Christmas Parade.» The Hollywood Christmas Parade. N.p., n.d. Web. 23 May 2014. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
I 1958 blei Hollywood Walk of Fame skapt her for å æra viktige personar i underhaldningsindustrien. Gylne stjerner nedfelde i fortauet går frå Gower Street til La Brea Avenue, og fortset tre kvartal inn i Vine Street.
Kjende attraksjonar Bob Hope Square Grauman's Chinese Theatre Grauman's Egyptian Theatre Capitol Tower El Capitan Theatre Frederick's of Hollywood Hollywood and Highland Hollywood Roosevelt Hotel Hollywood Walk of Fame Hollywood Wax Museum Janes House Kodak Theatre Masonic Temple Musso & Frank Grill Pantages Theatre Pig 'N Whistle Ripley's Believe It Or Not! Odditorium
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hollywood Boulevard» frå , den 21. april 2011. Delar av denne artikkelen bygger på «Hollywood Boulevard» frå , den 22. september 2014.
Kategori:Gater i Los Angeles Kategori:Hollywood