Wenche Synnøve Myhre, i nokre land kjend som Wencke Myhre, () er ein norsk songar og skodespelar frå Kjelsås i Oslo.
Songar
Wenche Myhre voks opp på Kjelsås, og gav ut sin fyrste singel allereie som trettenåring, i 1960, med namnet Åh, det er søndag. I 1963 kom det fyrste albumet hennar ut, med namnet hennar som tittel. Dette vart den fyrste av fem album ho gav ut i sekstiåra, og fram til i dag har det vorte gjeve ut over 70 plater med Wenche Myhre som sentral utøvar. Blant dei mest kjende slagerane hennar i Noreg, er «Når jeg blir 66», «La meg være ung» og «Du og jeg og vi to».
I 1964 deltok ho i Melodi Grand Prix, m.a. med «La meg være ung» av Arne Bendiksen. I 1966 forsøkte ho på nytt, og også i 1992. Wenche Myhre vart også berømt som songar i Vest-Tyskland på sekstitalet, der under namnet Wencke Myhre. Ho har aldri representert Noreg i Eurovision Song Contest, men derimot har ho vunne den tyske finalen og representerte Vest-Tyskland i Eurovision Song Contest 1968 med «Ein Hoch der Liebe». Ho enda på sjetteplass.
Skodespelar
I 1963 debuterte ho også som skodespelar i filmatiseringa av romanen Elskere av Terje Stigen. Dei komande åra spelte ho i fleire filmar, m.a. hovudrolla i Trollmannen fra Oz. Seint på sekstitalet starta ho å spela i revyteater for svenske Povel Ramel. I seinare år har Wenche Myhre også vore programleiar for fleire sesongar av Reisesjekken på TV Norge.
Privatliv
Wenche Myhre har vore gift tre gonger, seinast med hotelleigaren Arthur Buchardt. Ho har fire born.
Utmerkingar
Spellemannprisen 1976 i klassa vokalist (1976) Gammleng-prisen i klassa veteran (2003) Spellemannkomitéens heidringspris (2003) Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden (2004)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wenche Myhre» frå , den 8. januar 2012.
Utdjupande artikkel om Wenche Myhre, skriven av Svend Erik Løken Larsen
Bakgrunnsstoff
Wenche Myhre på imdb.com Youtube: Wencke Myhre - Ein Hoch der Liebe (Eurovision 1968)
Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Musikarar frå Oslo Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Norske songarar Kategori:Tyske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix-deltakarar Kategori:Programleiarar for TV Norge Kategori:Vinnarar av OGAE Second Chance Contest Kategori:Deltakarar i OGAE Second Chance Contest Kategori:Eurovision Song Contest 1968-deltakarar Kategori:Ein Lied für München-deltakarar