«The ‘In’ Crowd» er ein song frå 1965 skriven av Billy Page, arrangert av broren Gene. Han vart opphavleg spelt inn av Dobie Gray på albumet hans Dobie Gray Sings for 'In' Crowders That 'Go Go. Denne Motown-liknande versjonen nådde 13. plass i USA.
Ramsey Lewis-versjonar Ramsey Lewis Trio spelte inn ein instrumentalversjon av songen seinare same år. Den jazz-aktige versjonen vart spelt inn live på ein nattklubb i Washington, D.C. og nådde 5. plass i USA. Han vart i mange år nytta som bakgrunsmusikk for Jimmy Savile sitt Savile's Travels og Jimmy Savile's Old Record Club på BBC Radio 1.
The Ramsey Lewis Trio spelte òg inn ein smooth jazz-versjon av songen i 2004 for albumet Time Flies, 39 år etter den første versjonen deira.Amazon track listing of Ramsey Lewis' Time Flies album
Bryan Ferry-versjonen I 1974 nådde ein versjon av Bryan Ferry, frontmann i Roxy Music, omsider lista i Storbritannia, der han nådde 13. plass. Songen var òg førstesongen på albumet hans Another Time, Another Place.
Andre versjonar Songen er spelt inn av mange andre artistar, som The Chipmunks, The First Gear, The Fourmost, The Mamas & the Papas, Jack Jones, James Last, Joe Jackson, Julee Cruise, Maurice Williams & the Zodiacs, Quincy Jones, Petula Clark, Todd Londagin, The Ventures, Young-Holt Unlimited, Marshall Crenshaw og Sylvie Vartan.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The 'In' Crowd (song)» frå , den 12. april 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1965 Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:Bryan Ferry-songar Kategori:The Mamas & the Papas-songar Kategori:Petula Clark-songar