Tore Embretsen Aaen () var ein norsk lærar, gardbrukar, statsrevisor og stortingsmann frå Tynset i Hedmark. Han representerte Venstre. Thore Myrvang var bror hans.

Aaen var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han Tromsø seminar. Då han var ferdig der, 1880, byrja han som lærar i heimbygda Tynset. I 1884 kjøpte han garden Åen og dreiv fram til 1910 som gardbrukar attåt lærargjerninga. I 1915 vart han statsrevisor, slutta då som lærar.

Han var medlem av heradsstyret frå 1893, ordførar 1893-98 og 1901-07. Dessutan var han skulestyreformann, medlem av amtsutvalet, samt åstadskommissær.

Aaen representerte Hedemarkens amt på Stortinget 1903-06 og Nordre Østerdal krins 1906-18. Han var 1903-04 medlem av næringskomite nr 2. Frå 1904 til -15 var han med i protokollkomiteen, sekretær 1910-12 og formann 1913-18 i komiteen. Elles var han sekretær i Odelstinget 1910-12 og i Stortinget 1913-15. I 1918 var han også medlem av utanrikskomiteen.

Kjelder

Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Folk frå Tynset