Kjetil Bjerkestrand () er ein norsk pianist, komponist, produsent og arrangør.

Karriere

Bjerkestrand har vore aktiv innan norsk musikkliv sidan nittenåttitalet, og har vore involvert i ei lang rekkje samarbeidsprosjekt. Eit utval artistar han har samarbeidd med i ei eller anna form er Dance With a Stranger, Jonas Fjeld, Marius Müller, A-ha, TNT, Bjørn Eidsvåg, Arve Tellefsen, Carola, Lynni Treekreem, Herborg Kråkevik, Ray Charles og Dee Dee Bridgewater.

I 2009 komponerte han musikk til teaterstykket om Sangen om den røde rubin, saman med Anne Grete Preus. Bjerkestrand har også arrangert jolemusikk for Sissel Kyrkjebø, då ho opptrådte saman med The Mormon Tabernacle Choir i Salt Lake City.

Debutplata hans som soloartist vart ikkje utgjeven før i 2010. Ho fekk namnet Piano Poems, vart innspelt i Kulturkyrkja Jakob i Oslo, og kom ut på Kirkelig Kulturverksted.

Bjerkestrand har vorte tildelt Gammleng-prisen i 1988 i klassen studiomusikk. For filmmusikken til Hotel Oslo fekk han og Furuholmen Edvard-prisen i 1998.

Filmmusikk

Bjerkestrand har også komponert ein god del bakgrunnsmusikk til film og fjernsyn gjennom karrieren sin, ofte saman med Magne Furuholmen frå A-ha. Dei to har teke kunstnarnamnet Timbersound. Her fylgjer ei liste over filmmusikk komponert av Bjerkestrand:

Veiviseren (1987) Hodet over vannet (1993) Ti kniver i hjertet (1994) med Magne Furuholmen Eremittkrepsen (1996) kortfilm Hotel Oslo (1997) Fjernsynsserie Solan, Ludvig og Gurin med reverompa (1998) 1732 Høtten (1998) med Magne Furuholmen Øyenstikker (2001) med Magne Furuholmen Karlsson på taket (2002) Deadline Torp (2005) Fjernsynsserie 37 og et halvt (2005) med Bent Åserud og Geir Bøhren. Lange flate ballær (2006)

Diskografi

Her fylgjer ei liste over plateutgjevingar av Bjerkestrand, bortsett frå filmmusikken.

Gull, røkelse og myrra (1995) med Tora Brunborg Prima Luna (1997) med Tora Brunborg Piano Poems (2010)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kjetil Bjerkestrand» frå , den 9. april 2011.

Bakgrunnsstoff

Side2.no anmelder Piano Poems.

kategori:Norske pianistar kategori:Norske komponistar kategori:Norske filmmusikkomponistar kategori:Norske plateprodusentar