Manifesto er det sjette studioalbumet til det engelske rockebandet Roxy Music. Det vart gjeve ut i mars 1979 på E.G. i Storbritannia, Polydor i Europa og Atco i USA.

Albumet kom ut etter ein nesten fire år lang pause og var det første studioalbumet deira sidan Siren i 1975. Den første singelen frå Manifesto var «Thrash», som berre så vidt nådde topp 40 på den britiske singellista. Den andre singelen, den disco-aktige «Dance Away», førte bandet opp til andreplassen i Storbritannia og vart ein av dei største hittane deira og ein av die bestseljande singlane i Storbritannia i 1979. Songen vart òg gjeven ut som ein 12" utvida versjon (på over seks og eit halvt minutt), eit format som hadde byrja å verte populært mot slutten av 1970-åra. Den tredje singelen frå albumet var ein nymiksa versjon av «Angel Eyes». Denne var langt meir elektronisk og «disco»-aktig. og vart òg gjeven ut i ein lang 12"-miks og som nådde Topp 5 i Storbritannia i august.

Sjølve albumet nådde sjuandeplassen i Storbritannia. I USA nådde albumet 23. plassen på Billboard 200, den høgaste plasseringa Roxy Music klarte i USA.

Plateomslaget syner eit bilete av mange mannekengar laga av Bryan Ferry, motedesigner Antony Price og den amerikanske TV-skodespelarinna Hilary Thompson, blant fleire. Biletdiskversjonen av albumet synte ein versjon av designet der mannekengane var utan klede. Typografien på omslaget og tittelen på albumet var inspirert av den første utgåva av det litterære magasinet til Wyndham Lewis, Blast.

Utgjeving På den originale vinylutgjevinga var side ein kalla «East Side» og side to var kalla «West Side».

Etter songen vart ein hit, vart original versjonen av «Dance Away» byta ut med singel-miksen for den andre trykkinga av albumet. Seinare vart òg LP-versjonen av «Angel Eyes» òg erstatta av den meir populære nyinnspelinga av singelen. Den originale CD-versjonen av albumet nytta denne reviderte sporlista, før LP-versjonen av «Angel Eyes» vart henta attende for den ommastra utgåva av albumet frå 1999. Manifesto kom omsider på CD i den originale forma si i plateboksen The Complete Studio Recordings i 2012. Den første LP-versjonen av «Angel Eyes» kom først ut i USA på den amerikanske samleplata The Atlantic Collection, medan den første LP-versjonen av «Dance Away» kom ut på CD for første gongen i 1995 i plateboksen The Thrill of It All.

Mottaking

Manifesto fekk positive meldingar av kritikarane, men vart ikkje like kritikarrost som tidlegare Roxy Music-album. I meldinga si for Melody Maker skreiv Richard Williams:

Max Bell i NME var lunken til albumet:

Village Voice-skribenten Robert Christgau skreiv: «Dette er ikkje Roxy på sitt mest nyskapande, berre det mest lyttbare – heile 'West Side' opprettheld den avslappande, behagelege funky rytmen det har til hensikt å skape, og vanskane med 'East Side' er neppe uoverkommelege.»

Greil Marcus skreiv i Rolling Stone:

Det vart rangert på 30. plassen på Pazz & Jop-lista over dei beste albuma i 1979, laga av ei rekkje kritikarar og publisert i The Village Voice. I 1992 gav Rolling Stone Album Guide albumet fire stjerner og sa «det omgrupperte Roxy verkar betre for resten: blandar behendig friske rytmar inn i signaturlyden sin, kortar ned dei musikalske passasjane og konsentrerer seg meir om songhandverket.»DeCurtis, Anthony. »Roxy Music". Rolling Stone Album Guide. 1992. pg. 607

Innhald

Medverkande Roxy Music Bryan Ferry – vokal, klaverinstrument, munnspel Andy Mackay – obo, saksofon Phil Manzanera – elektrisk gitar Paul Thompson – trommer

Andre medverkande Alan Spenner – bass Paul Carrack – klaverinstrument Gary Tibbs – bass Steve Ferrone – trommer Rick Marotta – trommer Richard Tee – piano Melissa Manchester – korvokal

Teknisk Rhett Davies – lydteknikar Jimmy Douglass – lydteknikar Phill Brown – lydteknikar Randy Mason – lydteknikar

Salslister Liste (1979) Plassering Australske album (Kent Music Report) 13

Salstrofé

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Manifesto (Roxy Music album)» frå , den 6. april 2011 og 21. juli 2021 oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:Roxy Music-album Kategori:E.G. Records-album Kategori:Polydor Records-album Kategori:Atco Records-album Kategori:Reprise Records-album Kategori:Virgin Records-album