Ole Evensen Sundby () var ein gardbrukar og stortingsmann frå Hedrum i Vestfold. Han sat to periodar på Stortinget for Venstre.

Sundby var son til ein gardbrukar og tok i si tid over farsgarden. I ungdomen hadde han lært seg til smed i ei bygdesmie. Han interesserte seg mykje for dette handverket og leverte landbruksreiskapar og -maskinar som han sjølv hadde konstruert. Sundby var medlem av heradsstyret i Hedrum frå 1874 til 1904, ordførar i mange år. Medlem av forlikskommisjonen 1884-1904, sparebankdirektør frå 1882.

Sundby var 4. representant frå Jarlsberg og Larviks amt på Stortinget perioden 1886-88, medlem av militærkomiteen. Valbolken 1898-1900 var han 1. varamann til Stortinget, møtte 1898-sesjonen frå 14. april i staden for Carl Michelet. Då var han medlem av næringskomite nr 2.

Han døydde ugift på garden sin i Hedrum i 1905.

Kjelde Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Folk frå Larvik