341 (romartal CCCXLI) var eit normalår som byrja på ein torsdag i den julianske kalenderen. I samtida i Romarriket var det kjend som året då Marcellinus og Probinus var konsular (eller sjeldnare, år 1094 ab urbe condita).

Hendingar Keisar Konstans av Romarriket forbaud heidensk ofring og magiske ritual. Keisar Konstans av Romarriket la ut på eit hærtog mot frankarane som varte til 342. Grekaren Wulfila blei utnemnd til biskop og tok til å misjonera blant gotarar i Donaudeltaet. Den store Domkyrkja i Antiokia stod ferdig. I samband med innviing blei det halde eit konsil i Antiokia, kjend som eller innviingskonsilet. Nær eit hunde austlege biskopar var til stade, men biskopen av Roma var ikkje representert. Keisar Konstantius II møtte opp i eigen person. Ved konsilet blei det stilt spørsmål ved om Kristus var guddommeleg.

Fødde Den kinesiske keisaren Ai av Jin

Døde Ge Hong, vidkjend kinesisk lege (kanskje heller i 343) Eusebius av Nicomedia, patriark av Konstantinopel Tusenvis av kristne blei avretta i Seleucia i Mesopotamia.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «341» frå , den 11. juli 2008.