Bendix Edvard Reutz Bendixen () var ein norsk skulemann, oldtidsgranskar og politikar frå Bergen.

Bendixen var son til ein skipper. Sjølv vart han student frå Bergens katedralskule i 1857 og cand. philol. i 1863. Frå 1864 var han adjunkt ved den lærde skulen i Kristiansund. Sidan var han frå 1875 til 1908 styrar ved Tanks skole i Bergen. Med stipend frå det offentlege dreiv han 1870-72 undersøkingar i historiske minne og oldtidsminne i Nordmøre og Romsdal. Åra 1873-75 studerte han ulike museum i Danmark, Sverige, Tyskland, Austerrike-Ungarn, Italia, England, Belgia og Hellas.

Bendixen var medlem av Bergens bystyre, ordførar 1883-85.

Han gav ut ei rad arkeologiske og historiske avhandlingar i tiddskrift og avis, samt forfatta skulesoga for Tank skole 1850-1900.

Bendixen var 3. representant for Bergen på Stortinget 1886-88. Han var medlem av budsjettkomiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Politikarar frå Bergen